bjarnebs.com

Tag: eksamenslesing

Oppdatert forsking!

Med den enorme oppslutinga rundt dette store temaet, så kunne ein ikkje legge dette forskingsprosjektet på is med ein gang. Så, med det faktum at eg faktisk klarte å få festa opp tetningslister på kjøkkenvindauget i går, vart det grunnlag for ny forsking. Med alle andre faktorar ganske så nøyaktig reprodusert, var det med eit stort sjokk […]

Dagens forsking

I dag har det blitt forska på temperaturendringar på kjøkkenet. Og eg kan opplyse om at det å koke ein porsjon med havregraut og vaske opp gårsdagens oppvask hevar temperaturen på kjøkkenet med 0,8 grader! Dette gitt: Starttemperatur på kjøkkenet 14.2 Temperatur ute undar heile forsøket -4,4 Delvis defekt panelomn stod på 20 grader Alle dører inn og […]

Lagerstyring – ein del av livet

Vel, kanskje ikkje den største delen da. Men i alle fall ein så stor del at det er større glede med å kikke ut vindauget, enn å fordjupe seg innanfor dette feltet. Spesielt på ein dag som dette.

2008 i bilete: Mai

Mai 2008 var også ein dårleg fotomånad. Men har er eit bilete som forklara ganske bra kva som skjedde i mai. Det var sol. Elles så oppdaga eg at ikkje alle heilt tar vare på fotografs rettigheter, at eksamenslesing ikkje alltid gir stor meining til livet og slikt…

eksamenslesing…

Tenkte berre eg kunne slenge ut nokre bilete i same slengen eg. Den store dagen kjem nærare og nærare for kvar dag som går. Inntaket av kaffi aukar omvendt proporsjonalt med talet på dagar som er igjen. Altså til færre dagar til meir kaffi, og det er jo logisk. Men tilbake til bøkene…