bjarnebs.com

Tag: Bilete

2010 i bilete: August

August kom, og kvifor ikkje starte ein ny månad på toppen? Hoho! Eg fann ut at livet var best på den rette sida, og jammen tid var vi ikkje på Canal Street også! Og når fritidsproblema tok fri fekk eg endeleg fiksa til The Golden Circle (Ta gjerne ein tur innom kartet også!). Elles så [...]

2010 i bilete: Juli

I juli skjedde det absolutt ingen ting her inne på bloggen. Årsaka er nok at alt for masse anna spanande skjedde i det fysiske livet. Sigrun og eg var blant anna ein tur til Juvet Landskapshotel for å oppleve det som seinare vann reiselivsprisen, og ein haug med andre prisar… Heilt snål oppleving av å [...]

2010 i bilete: Juni

Klikk på bilete og leik deg… Juni 2010 sa du? – Å ja, det er tid for juni. Etter å ha halde på store delar av mai og juni fekk eg endeleg satt saman alle dei 233 bileta til det som vart Bergen sentrum. Det var eit bilete på 0,44 gigapiksel, altså eit relativt stort [...]

2010 i bilete: Mai

Mai 2010 kom fort og vi fekk oss blant anna ein tur til Jæren, her representert med: Sigrun Sol Sjø Sand Flotte saker altså! For utan hoppande gleder i sanden er jo mai eksamensmånad, så det var nok ein del av dei godene også. Men jammen tid fekk eg tid til å skrive litt rundt [...]

2010 i bilete: April

Og April kom like etter. Bergen viste seg her frå den normale sida med snø, sludd, regn og sol frå blå himmel. Og alt dette skjedde samtidig. Alltid logisk og fornuftig ver i Bergen. Alltid. Bloggen her tok berre føre seg at SAS kanskje ikkje heilt var flike med skrytinga av seg sjølv – for joda, [...]

2010 i bilete: Februar

Februar 2010 kom med tungt skylag over Bergen. Med giftig røyk i lufta var det alltids stas med fyrverkeri:) Freia fann ut at Strandafjellet nok er paradis på jord, også for kyr på ski, og eg lærde meg at det er forskjell på grillkrydder og kanel… kanel og ketchup er ikkje det som gjer ostesmørbrød [...]

2010 i bilete: Januar

Sjølv om 2010 var eit særs dårleg bloggår, så kan ein ikkje halde opp med tradisjonar! I alle fall ikkje gode tradisjonar. Året i bilete er tilbake, og no er det 2010 som skal summerast opp. Sjølvsagt blir den opplagte starten inngangen av det nye året. Tjueti vart skreve ein vakker vinterkveld på Sunnmøre. Og [...]

10.10.10 – 10:10

Dagen i dag er ein underleg dag – 10.10.10 – 10:10!

Men skulle du ha sett…

Ein kan faktisk sjå havet frå Birkenes! Aiaiai!!! (Ja, det er den litle blå stripa du kan sjå rett over siste del av skauen..) For å sjå dette må du faktisk heilt til Håstølknuten: Og når vi først var der oppdaga vi kule skyer… Som vart så ekstremt masse meir kule viss ein såg dei [...]

The Golden Circle

For mange turistar som kjem til Sunnmøre så er “The Golden Route” ein opplagt del av turen viss ein har moglegheit til å køyre sjølv eller ta buss. Men kvifor stoppe med berre ein liten tur? Kvifor ikkje gjere noko meir? Eg presenterar herved: The Golden Circle – det beste av Sunnmøre i ein kvalitetssikra pakke! [...]