bjarnebs.com

Tag: 2008

2008 i bilete: Desember

Og då har det allereie blitt desember 2008. Desember vil seie eksamenstid, og adventstid. Sigrun fiksa til årets mest imponerande adventskalender, og eg fann 36 steinar i ein klemmentin… Bama vart i alle fall imponert. Billettar til Coldplay og TKB kom inn i vokabularet til den vanlege lesar av bjarnebs.com – Men Bjarne, kva med […]

2008 i bilete: November

Når det kjem snø i Bergen så må ein jo sjølvsagt ut på tur. Så når det både var snø og kalt og klart ein dag i november 2008 så måtte ein jo ta ein tur på Fløyen. Berre for å nyte utsikta? Neeee… aktetur! Smerter i rumpa? Jepp. Men ein anna stor ting var […]

2008 i bilete: Oktober

Haustferien vart feira på Sunnmøre i oktober, slik som biletet over viser. Sunnmøre frå si beste side! DN var lei av finanskrisa, og eit særskild hyggeleg år med bokklubben var over. Men det som var det hygglegaste var nok at Bjarne endeleg tok mot i seg og spurte. Spurte om kva? Nei, no kan du […]

2008 i bilete: September

September 2008 var nok ein heite månad for Bergen, eller i alle fall heite dagar for Bergen. Bilete over er frå ein anna brann, nærare bestemt her. Og dette bilete er da tatt etter at brannen har blitt slokka. Elles så fann vi vel alle ut at enkelte typar juice ikkje smakar heilt godt.

2008 i bilete: August

Starten av august 2008 vart nytt på Birkeland. Sjølvplukka blåbær og ville bjørnebær er ikkje så aller verst når dei blir blanda med piska eggedosis…  Etterkvart så starta skulen og alt det der… og det var vel alt om august.

2008 i bilete: Juli

Juli 2008 var månaden då ei grense vart brote på bjarnebs.com, aldri før hadde eit så politisk skribleri funne stad her. Men som eg skreiv: «viss ingen andre gjer ein ting, så får ein gjere den sjølv.» Kjære landsmenn vart tittelen på årets nest mest populære skribleri. Ikkje det at dette vil medføre at det […]

2008 i bilete: Juni

I juni vart det tur på Preikestolen. Hoppebilete måtte jo takast og sola skein. Sommarferien skulle nytast og livet var vel rett og slett bra. Eller, Bergen tok til å brenne da… noko som den hald på med i heile året.

2008 i bilete: Mai

Mai 2008 var også ein dårleg fotomånad. Men har er eit bilete som forklara ganske bra kva som skjedde i mai. Det var sol. Elles så oppdaga eg at ikkje alle heilt tar vare på fotografs rettigheter, at eksamenslesing ikkje alltid gir stor meining til livet og slikt…

2008 i bilete: April

April var månaden då Sivert kom til verda og Erna og Sveinung fekk ein lite krabat som måtte passast på. Dette til stor glede for dei, og alle oss andre, f.eks Camilla og Linn:) Bilete frå april 2008 er derimot av Trond Viggo. Kvifor det? Tja… Han kom liksom berre inn i timen vår og […]

2008 i bilete: Mars

I mars 2008 var det Helge sin tur til å bli skoten for siste gong som ungkar. Om du vil ha bilete av Helge og blåkulane som han fekk, eller andre godsaker frå utdrikningslaget så har Helge og Sigrid fått seg kaffitrakter og tar heilt sikkert i mot vitjing. I same månad mottok eg også […]