bjarnebs.com

Bloggen i storformat… (eller ikkje)

Eksamenstider bruker ofte å vere tida då eg finn på at bloggen treng litt fiksing… Rart det der i grunn, men faktum er at ganske så mange eksamensperioder har eg sett meg ned for å friske opp kunnskap om geekting som php, html og css… men, men. Sjølv om eg ikkje har eksamen i år, så slo deg meg ein dag; kvifor i alle dager skulle eg halde meg til den gamle maks 500px størrelsen? Jada, dette her er litt geeketing, men i gamle dager var det ofte slik at ein haldt seg til maks 500px på bloggar, i alle fall for tekstinnhaldet. Sidan bloggen er meir enn tekst, og omfattar både bilete og video. Desse gjer seg mykje betre ved større storleikar. 800px er ganske flotte saker. Så frå og med i dag, så kjem bilete og videoar til å bli i større format!

Teksten kjem derimot til å halde seg innanfor 500px, men skrifta har blitt større slik at du kan sitte å lese teksten sjølv om nasa ikkje er klistra opp i skjermen. Litt for stort tenkjer du? Neida. Slapp av, der blir ganske så normalt etterkvart.

Og ja.. det er eit par buggar med designet enda, men det kjem seg nok etterkvart:)

Oppdatering:

Bjarne var klar for storformat, men det ser ut til at bloggen ikkje var det… tilbake til det gamle designet. I alle fall for ei stund framover:)

Gidd v2.

Arg. Kjenner frustrasjonen aukar igjen. (Jf. Gidd)

Det positive er at å skrive anmeldelse og skademelding tar mykje kortare tid andre gangen sykkelen blir stjelt. For no har eg jo allereie fått samla inn alle kvitteringar og kjøpsbevis.

Sumaren kom.

(Berre så det er oppklart)

Sommer kommer, sommer kommer

Sommer kommer,
sommer kommer,
sol og regn og latter og sang…
sol og regn å latter: Hahaha
latter, sol og sang…

(Årsak at eg nytta bokmålet, men «sumar kjem, sumar kjem» hadde ikkje heilt den same svungen…)

Dansker er også mennesker

NRK P3 har i det siste vore flinke med å opplyse oss nordmenn om at svensker er mennesker. Det er vel ingen tvil om at svenskefrykta i Oslo har kome langt, men under ekskursjon til sørlandet kom eg over denne bilen. Som bilete viser er det stor fare for aukande danskefrykt på sørlandet. Så kjære sørlendinger: Ikkje gløym at dansker også er mennesker.

Slik går no dagane, eigentleg…

Viss nokken skulle vere i tvil om korleis dagane faktisk går:

Og den beste feilmeldinga til slutt:

Men, det er jo viktig å fokusere på dei koslege tinga med livet: Slik går no dagane…

Slik går no dagane…

eller… det regna akkurat no da, men biletet er svært representativ for tidlegare dagar i mai.

Walk on

Strand, sol og eit god liv

Fyrlykt.

Alnes fyr, ein dag i påska då flyet til Bergen ikkje ville ta av…

bang, bang, pang.

booom.