Det å forklare kven ein er.. er rett og slett håplaust.
Først som sist, det er berre for å ta det opp til ex.phil-nivået..
Kven er eg?
Ein kan gjerne definere seg sjølv ut av å forklare:
- kva ein heiter
- kvar ein bur
- kor gamal ein er
osv… moglegheitane er mange.. men er det meg?
Joda, eg heiter Bjarne og bur i Bergen for tida, vart fødd i 1985 (så du kan sjølv rekne ut min alder). Vaks opp på Sunnmøre mellom fjell og dalar og kunne ikkje fått ein betre start på livet. Årsaka til at eg er i Bergen er fordi eg tuslar rundt på NHH (Noreg HandelsHøgskule ja.. – skal bli økonom!)
Men kven er eg?
Eg vil seie at det som bestemmer kven ein er, er det ein er… ehh.. ja… det stemmer. For å finne ut kven eg er så vil eg seie at du bør leite litt i arkviet for å finne ut kva eg skriv om.. dette er noko som representerar noko om kven eg er. Skal du derimot grave enda lenger kan du kikke innom musikken for å sjå kor lidenskapen minn innan musikken ligg. Måla mine i livet kan du finne her…
Men er dette meg?
Tja, kven veit.. du veit i alle fall litt – er det noko meir du vil vite?
Trur heller ein bør sjå på faktummet at:
Eg er eg – men kven er du?



Siste kommentarar
Bjarne, Storesøster, Bjarne, Camilla
Bjarne, Camilla
Bjarne, Håkon, Bjarne, Håkon
Bjarne, Narve, Bjarne, Mamma og Pappa