bjarnebs.com

Category: Opplysningskontoret

Dansker er også mennesker

NRK P3 har i det siste vore flinke med å opplyse oss nordmenn om at svensker er mennesker. Det er vel ingen tvil om at svenskefrykta i Oslo har kome langt, men under ekskursjon til sørlandet kom eg over denne bilen. Som bilete viser er det stor fare for aukande danskefrykt på sørlandet. Så kjære sørlendinger: Ikkje gløym […]

Sjølvsagt måtte det vere her 2!

Det var jo ingen tvil om kvar mjølkesjokoladekua med kvikk lunsj-bitar skulle på tur, eller kvar Anders Backe skulle hoppe seg inn i vinterkvelden med Bergans, og jammen har ikkje Mr. Mjølk tatt turen til Strandafjellet han også! Til deg som ikkje har vore på Strandafjellet? Beviset: Det nye Roaldtrekket med utsikt frå nesten same […]

«Jeg vil behage»

På tide å finne fram fluortabelettar, pakke dei fint inn og overbevise meg sjølv om at desse gjer meg til verdas beste masteroppgåveskrivar! – lett. Placeboeffekt

Oppdatert forsking!

Med den enorme oppslutinga rundt dette store temaet, så kunne ein ikkje legge dette forskingsprosjektet på is med ein gang. Så, med det faktum at eg faktisk klarte å få festa opp tetningslister på kjøkkenvindauget i går, vart det grunnlag for ny forsking. Med alle andre faktorar ganske så nøyaktig reprodusert, var det med eit stort sjokk […]

Dagens forsking

I dag har det blitt forska på temperaturendringar på kjøkkenet. Og eg kan opplyse om at det å koke ein porsjon med havregraut og vaske opp gårsdagens oppvask hevar temperaturen på kjøkkenet med 0,8 grader! Dette gitt: Starttemperatur på kjøkkenet 14.2 Temperatur ute undar heile forsøket -4,4 Delvis defekt panelomn stod på 20 grader Alle dører inn og […]

Kjemp for dine rettar!

Viss nokken skulle lure, ja det er ein samanheng mellom når eg frustrerar meg over ting, og når skribleri blir publisert her inne på bloggen. I dag er det tid for å snakke om mobiltelefon, service og lånetelefon… Som nordmann har du allereie vunnet i lotto, og som norsk forbrukar så har du vunnet dobbelt […]

Lite hendig sjølvskryt…

Det er jo kjend at SAS er i vinden for tida, og at redninga ser ut til å kome snart. Blant anna fordi betre tider er i vente. Men, det er ikkje det vi skal ta opp i dag. I dag er det sjølvskryt. Finfin sjølvskryt over nye fly, og korleis ein samanliknar ting og tang. Det heile […]

Det måtte jo vere her…

Kva som måtte vere her… eller der. Jo innspelingsstaden for den nye reklamefilmen til Freia sin Kvikk Lunsj Melkesjokolade.  Kvar sa du? Vi snakkar Sunnmøre, vi snakkar Strandafjellet! (Jf. Paradis på jord!) og for dei som ikkje kan stole på Bjarnes fotobevis… trykk her (og gjer meg litt skuffa…) YouTube har visst også funne den […]

Obamani

I denne augeblikken forlater Obama Noreg, men lat meg oppsummere Obamadagen – Noregs største mediedag sidan oppstarten av media… Beste avisoverskrift: Anders lager Obamaten. (Ja, den gav inspirasjon til Obamani. Litt flaut å innrømme at VG kan gi inspirasjon..) Største dekning: Vel… det var slik at dagbladet lenge låg langt framme med ca 80 lenker […]

Dagens musikksjokk!

Har du nokken gang høyrt på Jamie Cullum sin Don’t Stop the Music og tenkt: Her var det nokke veldig kjend? Eller at du kanskje høyrde på Rihanna og tenkte: Dette har eg høyrd før? Vel, dagens shocking news: Det er jo same låta! Sjølvaste Jamie forklarer her at han var ute på byen og […]