bjarnebs.com

Category: Livet

Oppdatert forsking!

Med den enorme oppslutinga rundt dette store temaet, så kunne ein ikkje legge dette forskingsprosjektet på is med ein gang. Så, med det faktum at eg faktisk klarte å få festa opp tetningslister på kjøkkenvindauget i går, vart det grunnlag for ny forsking. Med alle andre faktorar ganske så nøyaktig reprodusert, var det med eit stort sjokk [...]

Dagens forsking

I dag har det blitt forska på temperaturendringar på kjøkkenet. Og eg kan opplyse om at det å koke ein porsjon med havregraut og vaske opp gårsdagens oppvask hevar temperaturen på kjøkkenet med 0,8 grader! Dette gitt: Starttemperatur på kjøkkenet 14.2 Temperatur ute undar heile forsøket -4,4 Delvis defekt panelomn stod på 20 grader Alle dører inn og [...]

Lysfest 2010

Sjølvsagt var vi der! Nok ein gang var det siste laurdag før advent, og tid for å feire lysets høgtid! Bergen sentrum er staden og halve Bergen var der nok.. i alle fall nesten. Det vart jo sjølvsagt delt ut faklar: Og sjølsagt song og underhaldning! Og til og med sjølvaste Odd Nordstoga var der! (Litt [...]

Sjølvsagt måtte det vere her!

Som om det ikkje skulle vere nok med Kvikk Lunsj Mjølkesjokolade, Bergans måtte også ta turen innom Strandafjellet. Men kvifor ikkje? Staden er jo nydeleg. Dog litt humor at det er “Vikersund“-serien til Bergans som blir promotert på Stranda… (Berre litt trist at nokken måtte sette heile kommuna i enorm gjeld for å finansiere nokke [...]

Sannsynet for at dette her…

skulle skje, rett over midten av oktober, i BERGEN, er vel ganske så lik 0. Men det skjedde likevel. Og ja, etter ein par minutts gåtur i sentrum så er konklusjonen klar: Bergensere likar dette ikkje! Utvekslingsstudentar derimot! Dei har nok med å halde på varmen etter snøballkrig for første gang i livet;)

Det kulaste.

Dette her er altså video-mapping av det astronomiske uret i Praha. Viss du ikkje er Praha-kjend, så er dette eit ur som har stått det i 600 år no. Dette måtte feirast, og for ein måte å feire på! Min tsjekkisk er ikkje så veldig bra, viss din er bedre kan du gå inn her [...]

Going ECO

Eg er hermed venn av planeten: Økologiske skisko, kva meir treng ein å seie? (Sjølvsagt er skoa grøne…)

Litago Smågodt

Nok eit semester, og nok ein ny litago! Denne hausten er den Litago Smågodt som skal sette ein ekstra spiss på førelesningskosen. Og aiaia for ein smak! Vi snakker smågodt altså. Og med det så meinar ein smak av fersken, bringebær, sitron og jammen tid litt vanilje også. Det høyrast søtt ut, og det er [...]

Nr. 24 i boks?

Aiaiai! Det er tid for oppdatering av lista over 100 ting! (Kjenner at den har blitt satt litt til sida dei siste åra… men, hallo! Har ein først skreve ei liste, så må ein vel følge den.) Men… nok om det. Tilbake til Nr. 24 – Få ein jobb som eg likar å jobbe i. [...]

På den rette sida…

Livet er veldig bra når skyer slappar av…