bjarnebs.com

Category: 2011

2011 i bilete: Desember

Desember 2011 var nok ein stille månad på bloggen. Tenker det fint kan skuldast særs kort juleferie…. Jobb er svært hyggeleg, men litt lenger juleferie hadde vore kjekt. Obligatorisk nyttårsbilete måtte jo sjølvsagt takast. Ikkje for å henge ut enkeltpersonar, men mykje tyda på at ein deltakar i bilete ikkje var klar for det nye […]

2011 i bilete: November

November 2011. Bloggen vart hacka, og det regna i Bergen. Men når det først vart ein solskinnsdag så måtte ein jo ut å dokumentere det utrulege faktum. Her då bilete av det nydelege rådhuset i Bergen… Av andre hyggelege ting så oppdaga Bergens Tidene masteroppgåva mi og vips så vart det dobbeltside i BT: Artikkelen vart også […]

2011 i bilete: Oktober

Oktober 2011. Enkle gleder er alltid gode. Som eit kamera, tre telefonar og hyggelege folk. Her då representert av eit bilete som Sveinung tok. Fyrverkeri har sjeldan sett så bra ut i Bergen, og det var månaden for å seie: «Here’s To The Crazy Ones«

2011 i bilete: September

I gledesrus over mykje arbeid var september 2011 ein sille bloggmånad. Men eg fekk sjølvsagt kommentert at Strandafjellet nok ein gang var ute i media… I tillegg vart Irland putta inn på nr 6 i lista. Bilete over er dog frå Fjellvegen i Bergen.

2011 i bilete: August

August 2011 start ved at eit kapittel i livet vart avslutta… Mot slutten av august tok eit nyt kapittel til. Oslo var staden, og vi fekk både kaffi og datamaskin. I tillegg ein tur til Vilnius og masse anna… Her då representert relativt kjedelig med bilete av to ting. Kaffikopp og datamskin. Kjedelige, men dog […]

2011 i bilete: Juli

I Juli 2011 var det totalt stille her på bloggen. Dette fordi eg nytte tidenes lengste sumarferie, og fordi vi (altså eg og kona) fant ut at Kreta var staden å dra for å få litt sol. Her illustrert med bilete frå Spinalonga.

2011 i bilete: Juni

Juni 2011 var ein nydeleg månad. Oppgåva vart innlevert og sumaren kom. Sykkelen min vart dog stjelt for andre gang (her representert med den tomme plassen og eit utval av div. syklar…), og bloggen ville ikkje fungere heilt… Alt dette medan store delar av heile Noreg sat i transe framfor televisjonsapparatet og nytte nasjonalromantikk.

2011 i bilete: Mai

Mai 2011 kom, og sjølv om det var fint å vere ute, var det vel liten tvil om kva dagane eigentleg gjekk i. Bilete over viser altså den typiske masteroppgåveskrivaren sånn sirkus ein månad før innlevering av oppgåve… Og så var jo det sjølvsagt 17. Mai-feiring med fyrverkeri! Og elles andre enkle gleder.

2011 i bilete: April

April 2011 vart feira med ski og kos på Sunnmøre. Og sidan fly ikkje ville lette frå Vigra, så fekk Alnes fyr ein aldri så liten visitt. Denne visitten vart sjølvsagt dokumentert som vist over. Elles vart det meir og meir tydeleg kva fjell den norske reklamebransjen har lagt sin elsk på.

2011 i bilete: Mars

Mars 2011 var ein flott månad. Bergen viste seg frå si beste side, og ei lettar skjult side. Bilete viser Torgallmenningen sett frå Fløyen. Juletreet på lillelungen stod fast, og jula varte dermed heilt til påske. Nesten.