Hjarteleg velkomen til bryllaupssida for Sigrun og Bjarne sitt bryllaup. Litt av kvart skal gå føre seg på denne store dag. For å hjelpe, både dykk og oss sjølve, har vi lagt ut litt av kvart av info som vil vere til hjelp. Ta kontakt viss det skulle vere noko, og kom tilbake av og til. Meir info og slik vil bli lagt ut etterkvart som vi ser det naudsynt.
Vigsla vert i Birkenes Kirke kl 14.00.
Rett etter vigsla (ca kl 15.00) blir det forfriskingar og aktivitetar på Birkeland Folkehøyskole, der bryllupsfesten vil halde fram når fotografering av oss to er ferdig.

Korleis komme til Birkeland?
For sånn sirkus halvparten av dykk så er kanskje Birkeland ein ukjend skatt på sørlandet. Gitt at du ikkje har vore på leir på folkehøgskulen eller måtte kjøre om Birkeland når E18 er stengt… Men slapp av. Du kan fint finne fram, og det er mange moglegheite å velje mellom. Oppsummert så har du:
- Fly – Vi kan ganske sikkert fikse henting, gi beskjed på førehand
- Tog – Til Kristiansand. Ta buss til Birkeland, eller så kan det hende at vi får til nokke
- Bil – Køyr heile vegen fram til Kyrkja / Folkehøgskulen
- Buss – Frå Kristiansand til Birkeland – Ruteplanlegger
For ei betre forklaring kan du lese meir her.
Overnatting
Overnatting er sjøvsagt mogeleg. I same bygget som festen skal vere er det også internatbygg. Det er derfor kort veg for å ta seg ein lur…
Romma er oppussa i den siste tida og er av god standard. Alle rom har eige bad og dusj. Det er også eit felles kjøkken som ein kan bruke. På romma vil ein finne både dyner, sengetøy og handklede. Du kan sjølvsagt ta med sovepose om dette skulle vere eit ynskje, men er ikkje naudsynt.
Ved utsjekking så må alle romma vere rydda og vaska. Sengetøy og handklede skal leggjast på anvist plass.
Vi får tilgang til skulen allereie på torsdag. Det vil seie at viss det skulle vere ynskje så kan du overnatte her frå torsdag til søndag utan problem. Gi beskjed når du tar kontakt om kva du ynskjer. Prisane for overnatting vil vere som følgje:
- Enkeltrom: 155,- pr natt
- Dobbeltrom: 275,- pr natt (Det blir madrasser på golvet for dei som ikkje får seng viss det er fleire enn 2 på rommet)
Prisane over er utan sengetøy og handklede. Prisen for det kr 70,- pr pers. Når det gjeld ekstra madrasser så er det kr 50,- pr pers. Begge desse prisane er uavhengig av kor mange døgn ein overnatta. På rommet vil det ligg ein konvolutt med namn og sum som skal betalast, lever inn denne konvolutten før du drar.
Gi beskjed om du ynskjer overnatting når du svarer på innbydinga.
Om du skulle ha ynskje om anna overnatting så er det fleire hotell innan ein halv times kjøring.
Ynskjeliste
Ynskjeliste vil du sjølvsagt etterkvart finne ute hjå dei store butikkane. Som Johan R. Sunde As, Tilbods og Christiania Glassmagasin. Oppdatering på dette vil kome etterkvar som vi finn ut kva det er vi vil ynskje oss. Men, ikkje nok med det. Du vil også, etter kvart, finne ei liste på denne sida her over ting og tang som vi ynskjer oss også… Så prøv å la gåvekjøpinga vente litt enda.
Sunnmørsk – Borkisk: Ei kort innføring i kulturverdiar og språklege forskjellar
Birkeland og Birkenes Kommne er stolt av:
- Mollestaeika – Noregs 3. største eik, har ein omkrets på 10,5 meter og rundt 1000 år gamal.
- Foss bad – den nasjonalt kjende baderomsinnventalleverandøren
- “Fibårn” / 3B / Owens Corning – Den store fabrikken som produserer glassfiber.
- Flaggstanga med Noregs største flagg.
- Skiskyttarar…
- Kommuna sin tusenårsstad er Tobias jordet, også omtala som jordet. Det går vei rundt jordet. Her blir det også skote opp fyrverkeri på nyttårsafta.
- Venke Knutson
- Arly Karlsen
For spesielt interesserte så kan ein også gi eit tips om den lokale nettsida birkenes.org som blir oppdatert støtt og stadig med info om litt av kvart.
Solevåg og Sula Kommune er stolt av:
- Johan R. Sunde AS – butikken som har meir enn du trur!
- Devold – det naturlege valet
- Annbjørg Lien – den magiske feledama
- Robert Post
- Og andre kjente Sulaværingar
Den letter uoppdaterte lokalavisa kan du finne her: sulaposten.no.
For å unngå problematiske missforsåtingar og slikt er det også på si sak og ta med ei lita ordbok
Borkisk – Sunnmørsk
- Faul = Fugl
- Fu = Rompe
- Staue = Stue
- Ronse = Disse (huske)
Sunnmørsk – Borkisk
- Låkt = vondt
- Låkt i haudet = vondt i hodet
- Fole kaule = masse styr, stor oppstandelse. Eit bryllup kan vere “fole kalue”
Bilete
Sjølvsagt har vi eit par bilete.














