2011 i bilete: November

November 2011. Bloggen vart hacka, og det regna i Bergen.

Men når det først vart ein solskinnsdag så måtte ein jo ut å dokumentere det utrulege faktum. Her då bilete av det nydelege rådhuset i Bergen

Av andre hyggelege ting så oppdaga Bergens Tidene masteroppgåva mi og vips så vart det dobbeltside i BT:

Artikkelen vart også publisert på nettet, og resulterte i vidare publisitet:

Og like etterpå vart oppgåva publisert hjå Samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Har du kr 90,- kan du no blir den rettmessige eigar av ei flotte og mediaomtalt masteroppgåva i papirformat! Er du Sunnmøring, eller berre økonomisk, kan du laste den ned her, her eller her, GRATIS!

Stas? Sjølvsagt!

Og for den kraftprisfascinerte:

I desember publiserte NVE ei analyse som konsulentselskapet Pöyry Management Consulting hadde gjort på oppdrag fra NVE. Resultatet?

«To av tre strømkunder med spotpriskontrakt hadde i 2010 en avtale som ikke var meldt inn til Konkurransetilsynets (KTs) prisoversikt.»

Ikkje akkurat ulikt min konklusjon. Her hadde dei derimot fått samla i ein del meir data og problemet med kraftprisavtalar utan meldeplikt kostar norske straumforbrukarar rundt 570 millionar i året, som kommentert i NRK og Aftenposten.