Bloggen i storformat… (eller ikkje)

Eksamenstider bruker ofte å vere tida då eg finn på at bloggen treng litt fiksing… Rart det der i grunn, men faktum er at ganske så mange eksamensperioder har eg sett meg ned for å friske opp kunnskap om geekting som php, html og css… men, men. Sjølv om eg ikkje har eksamen i år, så slo deg meg ein dag; kvifor i alle dager skulle eg halde meg til den gamle maks 500px størrelsen? Jada, dette her er litt geeketing, men i gamle dager var det ofte slik at ein haldt seg til maks 500px på bloggar, i alle fall for tekstinnhaldet. Sidan bloggen er meir enn tekst, og omfattar både bilete og video. Desse gjer seg mykje betre ved større storleikar. 800px er ganske flotte saker. Så frå og med i dag, så kjem bilete og videoar til å bli i større format!

Teksten kjem derimot til å halde seg innanfor 500px, men skrifta har blitt større slik at du kan sitte å lese teksten sjølv om nasa ikkje er klistra opp i skjermen. Litt for stort tenkjer du? Neida. Slapp av, der blir ganske så normalt etterkvart.

Og ja.. det er eit par buggar med designet enda, men det kjem seg nok etterkvart:)

Oppdatering:

Bjarne var klar for storformat, men det ser ut til at bloggen ikkje var det… tilbake til det gamle designet. I alle fall for ei stund framover:)