bjarnebs.com

Month: juni, 2011

Problem løyst.

Eg har funne ut kva eg kan gjere på. (Klikk på bilete, eller (her)

Innlevert.

Kva skal eg finne på no?

Bloggen i storformat… (eller ikkje)

Eksamenstider bruker ofte å vere tida då eg finn på at bloggen treng litt fiksing… Rart det der i grunn, men faktum er at ganske så mange eksamensperioder har eg sett meg ned for å friske opp kunnskap om geekting som php, html og css… men, men. Sjølv om eg ikkje har eksamen i år, så slo […]

Gidd v2.

Arg. Kjenner frustrasjonen aukar igjen. (Jf. Gidd) Det positive er at å skrive anmeldelse og skademelding tar mykje kortare tid andre gangen sykkelen blir stjelt. For no har eg jo allereie fått samla inn alle kvitteringar og kjøpsbevis.

Sumaren kom.

(Berre så det er oppklart)

Sommer kommer, sommer kommer

Sommer kommer, sommer kommer, sol og regn og latter og sang… sol og regn å latter: Hahaha latter, sol og sang… (Årsak at eg nytta bokmålet, men «sumar kjem, sumar kjem» hadde ikkje heilt den same svungen…)

Dansker er også mennesker

NRK P3 har i det siste vore flinke med å opplyse oss nordmenn om at svensker er mennesker. Det er vel ingen tvil om at svenskefrykta i Oslo har kome langt, men under ekskursjon til sørlandet kom eg over denne bilen. Som bilete viser er det stor fare for aukande danskefrykt på sørlandet. Så kjære sørlendinger: Ikkje gløym […]