Eit fallent juletre

Med den store oppslutninga rundt juletreet, så kunne eg ikkje la vere å kome med eit oppfølgjingsskriveri!

Den kraftige vinden natt til 9. Mars tok ei treet ned. Men eg frykta straks at eit eller anna skulle skje når den store gule kranbilen stod der tidleg onsdags morgon.

Og rett som frykt var, det tok ikkje lange tida før det glade juleynskjet om ei «God Jul» frå Bergens Tidende sakte, men sikkert, drog bort frå Litlelungens sentrum.

Og litt etter kvart vart det gule monsteret kopla fast til treet, og juletreet fekk ein siste luftetur. Ein kort luftetur ned mot den snøkledde og kalde bakken.

Og det var det. Vips var jula 2010 over.

Tilbake står eit tomt vatn, eit vatn som lengtar etter neste Lysfest. Då skal det igjen få eit flytande juletre, og livet straks bli så mykje betre!

Og jammen tok dei ikkje med seg snøen også…

… før den kom tilbake i dag da. igjen.

 

He? Fritidsproblem? Neida, eg tar berre ansvaret for å dokumentere slutten på store hendingar. Lysfesten var jo berre starten, dette var slutten. Over 3 månader etter… (Rart at det framleis var nåler på treet.)