Godt Nytt År!

No er vel kanskje tida inne for å gratulerer folket med det nye året.
- Litt seint ute seier du?
Neida, berre lang juleferie:)
- 17 dagar inn i det nye året?
Jepp, det er vel lov til å nyte sin siste juleferie som student?

Nytt år vil normalt sett seie tilbakeblikk på året som gjekk. Og gjerne eit eige bjarnebs.com-tilbakeblikk, og det var vel som frykta. Viss ein ser på talet på skribleri som vart skreve i 2010, var det eit heller dårlegt år for denne bloggen. 55 skribleri i løpet av eit år er faktisk det lågaste talet gjennom heile levetida til denne bloggen. Viss ein då ser bort frå oppstartåret 2005 sidan bloggen starta i desember. (Hmmm… gløymde heilt å gjennomføre eit jubileum her inne!!! aiai!) Men viss eg har skuffa litt med skrivinga, så har ikkje dykk lesarar der ute skuffa bloggen. For aldri har det vore så mange innom ein tur, aldri har det vore fleire sidevisingar pr vitjing, og aldri har det blitt brukt så lang tid inne på bloggen når vitjaren var innom. Tala er faktisk veldig mykje betre samanlikna med tidlegare år. Ergo, eit klapp på skuldra til dykk der ute, kjære lesarar!

- Tankar for dei nye året?
Tja, nytt år med nye moglegheite!
- Blir det større aktivitet på bloggen?
Tja, kven veit?
- Kjem du framleis til å skrive slike dialoginnlegg, der du i røynda berre snakkar med det sjølv?
Sjølvsagt!

Godt Nytt År!!