2010 i bilete: September

September starta veldig bra med ein overnattingstur på Sandviksfjellet. Og september ville ikkje halde opp å vere ein god månad. Ein ting var jo at det alltid var sol! Og så kom jo Röyksopp ut med nytt album. Og som om det ikkje skulle vere nok – eg fekk jo meg jobb også!! Det er berre eit halvt år til eg skal starte no…

Og berre for å ta ein liten digresjon frå jobbintervjuet: Vi var vel 25 stykke som møtte opp gå gruppeintervju, av dei så var det 18 gutar. Av dei 18 gutane var det ein som ikkje kom i full dress og blankpussa sko. Denne guten hadde dongeribukse og ei raud kortarma skjorte. Denne guten fekk jobb. Stol på deg sjølv – tørr å vere den du er!

Og i september vart jammen tid masteroppgåva, som eg no sit å skriv på, akseptert og støtta. Straumprisar sa du? Åja!!