2010 i bilete: Oktober

I oktober skjedde det nesten unormalt mykje her inne på bloggen.

Først skulle jo den nye Litago Smågodt testast ut, og etter å ha klaga litt på min kjære iPhone så kom eg med litt tips rundt dine rettar ved mobiltelefonkjøp. Ei usakeleg oppsummering av ein tur kom så ut… og så kom jo 10.10.10 – 10:10!

Eg kjøpte meg økologiske sko, prøvde RAW (som faktisk ikkje var så veldig dårleg likevel…), fascinerte meg over reklame, blei imponert over ein anna video, fekk hamstra litt godbitar, observerte snø og sol i Bergen (ofte svært uvanleg i oktober!) og konkluderte med at verda ikkje er så verst likevel..?

Wow!