2010 i bilete: Juni


Klikk på bilete og leik deg…

Juni 2010 sa du?
– Å ja, det er tid for juni.

Etter å ha halde på store delar av mai og juni fekk eg endeleg satt saman alle dei 233 bileta til det som vart Bergen sentrum. Det var eit bilete på 0,44 gigapiksel, altså eit relativt stort eit. Men i tilhøve til andre så er det kanskje heller mikroskopisk, jf gigapix.no – Oslo 27 gigapiksel. Men, men. Alltid kjekt å ha nokke å strekke seg mot!

Juni betydde også slutten på det 8. semesteret ved NHH. I bloggverda var det faktummet at bloggar såg berre ut til å forsvinne som råka juni hardt. Det positive er at utover hausten og på nyåret har flerie kome tilbake!! Johoooo!!!!