Oppdatert forsking!

Med den enorme oppslutinga rundt dette store temaet, så kunne ein ikkje legge dette forskingsprosjektet på is med ein gang. Så, med det faktum at eg faktisk klarte å få festa opp tetningslister på kjøkkenvindauget i går, vart det grunnlag for ny forsking. Med alle andre faktorar ganske så nøyaktig reprodusert, var det med eit stort sjokk at eg oppdaga at  temperaturen berre steig 0,7 grader. Eg seier berre. Ai, ai AI! Store funn. Etter montering av tetningslister er det jo ganske så naturleg å vente at temperaturen både ville ha vore høgre før eg starta kokinga (noko den ikkje var, 14,2 i dag også!), og i alle fall at temperaturen skulle auke meir enn i går, utan tetningslist.

Men, som vi ser, temperaturen var -5,4 ute i dag, mot -4,4 i går. Dette vil kanskje ha innverknad. Men då er det rart at temperaturen ved starttidspunktet ikkje var ein anna frå i går også. Og er det kanskje slik at lite tette vindauge fører til betre sirkulasjon av lufta på kjøkkenet, og dermed at den varme lufta frå kokinga ikkje går direkte opp i ventilatoren, men heller ut i rommet? Og kan det hende at eg var ein meir aktiv person i går, og dermed skapte meir luftsirkulasjon?

Offf… så mange spørsmål, så mange moglegheite!