NSB Julereisen


Sidan snøen har falle i Bergen i natt, og det er snart juleferie, så tar eg meg frimodet til å skrive eit blogginnlegg på nytt. Det vart skreve for to år sidan også, men dykk som ikkje fylgde med her då, eller du som hadde gløymd alle tinga kan gjerne ta ein titt på lista.

Jepp, det er reklame for NSB, Statsbana som alltid er i vinden når kulda setter inn. Men kva gjer det vel om dei har litt problem av og til når dei har ein så nydeleg reklamefilm! Julehandlingane i filmen i kronologisk rekkefølge:

  • Vi høyrer “toget fra Gjøvik” over speakeranlegget: Alle har eit syskjenbarn på Gjøvik, som det heiter.
  • Den nisseaktige mannen med raud jakke og passande skjegg + jenta som står framfor: Santa’s Workshop
  • Dådyr og kanin på isen: Bambi
  • Mannen som snublar i bamsen på golvet: Grevinnen og Hovmesteren
  • Dama som sit med nøtter i fanget: Tre nøtter til Askepott
  • Mannen som ser skoen som dama har mista: Askepott
  • NSB-mannen seier «God dag» til treet: Du grønne glitrende tre, god dag
  • Golvet blir vaska og ein mann går på utsida med vedsekk: Nå har vi vasket gulvet og vi har båret ved
  • Stasjonen heiter Klappeland…: Jeg gikk meg over sjø og land…
  • Jada pappa, jada pappa, jada pappa…….: Disney julestemning og Arakuafuglen
  • Tre ungar som lagar englar i snøen ved eit (ved)skjul: Engler daler ned i skjul
  • Honden som bjeffar på dei to ekorna: Snipp og Snapp + pluto
  • Rev på isbana: Reven rasker over isen
  • Tre menn på vei inn i ein stall: Dei tre vise menn
  • Skog og stjernehimmel: Reisen til Julestjerna
  • Stemma på slutten: Knut Risan. Som er sjølve stemma for jul. Han er kongen i reisen til julestjernen, og stemma til Tre nøtter til Askepott

Trur det skulle vere alt altså. Gi beskjed viss det skulle vere nokke meir. Og ja, berre for å vere enda litt meir NSB-venleg i dag, ta ein tur innom adventskallenderen deira også.

Ha ein fin fin andre søndag i advent!