Dagens forsking

I dag har det blitt forska på temperaturendringar på kjøkkenet. Og eg kan opplyse om at det å koke ein porsjon med havregraut og vaske opp gårsdagens oppvask hevar temperaturen på kjøkkenet med 0,8 grader!

Dette gitt:

  • Starttemperatur på kjøkkenet 14.2
  • Temperatur ute undar heile forsøket -4,4
  • Delvis defekt panelomn stod på 20 grader
  • Alle dører inn og ut av kjøkkenet var lukka
  • Vindauget var igjen (sjølv om det trekk godt likevel…)
  • Ein nyttar oppvaskvatn som er så varmt at det gjer låkt (vondt) å halde hende lenge nedi…
  • Oppvasken bestod av: 4 glas, 1 kopp, 2 middagstallerkar, diverse naudsynt bestikk, 2 frukosttallerkar og diverse bakeutstyr
  • Ein nyttar ein eldre komfyr med ny panne (panne = kasserolle på ikkje-Sunnmørsk)
  • Grauten skal småkoke i 5 min (utan lokk… elles så kokar det så fort over når ein også vaskar opp…)
  • Ventilasjonsvifte står på 2
  • Radioen stod ikkje på
  • Eg hadde på fleece-jakke

Eg seier berre: Her er det uante kombinasjoner som kan kombinerast! Kva skjer viss eg faktisk får på dissa tetningslistene til vindauget snart…? Eller dristar meg til å ha oppe døra til gangen? Og kva skjer viss ein kokar grauten med lokk? Eller kanskje skrur av ventilasjonsvifta? Eller ikkje vaskar opp i det heile? Eller går ut av rommet medan grauten kan få koke på kjøkkenet aleine?

Spanande tider i møte altså!