Sjølvsagt måtte det vere her!

Som om det ikkje skulle vere nok med Kvikk Lunsj Mjølkesjokolade, Bergans måtte også ta turen innom Strandafjellet. Men kvifor ikkje? Staden er jo nydeleg. Dog litt humor at det er «Vikersund«-serien til Bergans som blir promotert på Stranda…

(Berre litt trist at nokken måtte sette heile kommuna i enorm gjeld for å finansiere nokke som kjem til å øydelegge ganske så masse av det Strandafjellet var, det ekte, det uberørte, det perfekte. Men det er ei anna historie som ikkje må øydelegge dette nydelege som du kan sjå her no…)