Lysfest 2010


Sjølvsagt var vi der! Nok ein gang var det siste laurdag før advent, og tid for å feire lysets høgtid! Bergen sentrum er staden og halve Bergen var der nok.. i alle fall nesten.

Det vart jo sjølvsagt delt ut faklar:

Og sjølsagt song og underhaldning! Og til og med sjølvaste Odd Nordstoga var der! (Litt dårleg bilete av underhaldninga, men god illustrasjon over vår fantastiske plassering når fyrverket kom!:)

Og så vart det jo fyrverkeri, som vist over og:

Men! Det som tok kaka, og pusten, frå oss alle, det var avslutninga til fyrverkeriet. Dette her er nok det næraste ein som mennesket, her på jorda, kan kome for å oppleve korleis det er å stå under treet på Pandora:

Men, sjølvsagt vart dei beste bileta heller svært uklare. Trur eg må introdusere ein ny teori: Bilete blir ikkje dårleg og uskarpe på grunn av ein dårleg fotograf, men fordi motivet er så nydeleg at ein ikkje kan klare å få fokus gjennom det lille kikkholet… ehhh… jepp:) 

Men trur dykk skjønar litt teikninga. Det hjalp heller ikkje på fotografen at temperaturen var nærare for kaldt enn varmt.