Litago Smågodt

Nok eit semester, og nok ein ny litago! Denne hausten er den Litago Smågodt som skal sette ein ekstra spiss på førelesningskosen.

Og aiaia for ein smak! Vi snakker smågodt altså. Og med det så meinar ein smak av fersken, bringebær, sitron og jammen tid litt vanilje også. Det høyrast søtt ut, og det er det. Ganske så alt for søtt også vil eg nok seie. Eller… den har en akkurat litt for søt smak til at den blir perfekt. I alle fall som ein Litagodrikk.

Men for all del, du skal ikkje sjå bort frå at eg kjem til å kjøpe ein eller to eller mange til. For den er fullstendig drikkande. Nokke langt betre enn kva morsmjølkerstatninga var… For dei som skulle lure, det er frameleis kokosbollen som er min favoritt. Peanøtta må nok kanskje sjå seg slått av smågodtet. Og ja, morsmjølkerstatninga kunne vi gjerne ha vore for utan.

Men ja, ta steget du også og prøv denne søte smaksbomba!

Takk for at dykk orkar å prøve med forskjellige smaka Tine, tusen takk!