Karrieredagen 2010

Siste veke var det nok ein gang tid for haustens vakraste eventyr, vi snakkast sjølvsagt om Karrieredagen! Det var jo med eit visst vemod eg gjekk rundt og sanka inn godsaker. Det var jo siste karreiredagen min på NHH (i alle fall som student)… snufs snufs.

Sjølv om ikkje fangsten var like god som i fjor, så skal eg sjølvsagt ikkje klage. Kjente dog at det å ha fått jobb allereie sett ein liten demper i dei Sunnmørske innsamlingsgledene, så om det vart litt lite i år: Eg skal ikkje klage!

Pringles er jo godt, RAW var jo ganske så godt, Litago er jo ALLTID godt og småknask skadar jo ikkje veldig mykje heller… ;) Det at kjentfolkt stod på stand var jo heller ikkje dumt!

Ha ein nydeleg kveld der ute!