Det kulaste.

Dette her er altså video-mapping av det astronomiske uret i Praha. Viss du ikkje er Praha-kjend, så er dette eit ur som har stått det i 600 år no. Dette måtte feirast, og for ein måte å feire på!

Min tsjekkisk er ikkje så veldig bra, viss din er bedre kan du gå inn her for meir info om det som skjer. Det er faktisk ein historisk gjennomgang av klokka si historie som du ser…

Vel, eg er mållaus. Og sjå fleire prosjekt frå macula! Heilt sykt kva dei har fått til med eit par prosjektorar og ei bygning eller to.