Nr. 24 i boks?

Aiaiai! Det er tid for oppdatering av lista over 100 ting! (Kjenner at den har blitt satt litt til sida dei siste åra… men, hallo! Har ein først skreve ei liste, så må ein vel følge den.)

Men… nok om det. Tilbake til Nr. 24 – Få ein jobb som eg likar å jobbe i. Ja da, eg skreiv overskrifta med spørjeteikn etter. Ikkje fordi eg tvilar på om eg kjem til å å like meg i jobben, men fordi det framleis er nesten eit år til eg startar…

Det som er saka: I slutten av august 2011 må eg faktisk starte dagen med å gå ned 4,5 etajse, ut av døra, for deretter å gå i ganske nøyaktig 12 min, opp eit par trapper, før eg kan sette meg ned på kontoret. Går eg fort går det nok på 8 min også… og kanskje 5 min på sykkel? Her skal det testast ut ting og rapporterast! Gled dykk!

For dagens vekas årets spørsmål:

Tør du vokse med oss?

Sjølvsagt KPMG! Sjølvsagt!

HippHippHurra!!