det å eldast…


Å gå frå Junior til Senior på eit år er vel kanskje nokke som ikkje alle klarer, men dei har jo tross alt halde på i over eit tusenår… Eg snakkar sjølvsagt om Röyksopp. Gutane som gav oss både Eple og Poor Leo, for så å minne oss om berre denne augeblikken. For så å vere litt glad her oppe for både ei jente og ein robot. Jepp, dei er tilbake. Tilbake for å vise at dei har vakse sidan sist. Og det har dei. Som omslaget til plata viser, så er kanskje dette ein litt meir mørk og dyster versjon av Röyksopp. Ikkje det at det å eldast er å bli mørk og dyster…, men dei har tona litt ned. Litt bort frå det leikne og fargesprakande. Her er det meir snakk om å gi moglegheit til å slappe av. Få koble av og finne ro og stillhet i kvardagen.

Ein av dei tinga som berre gjer at ein må elske Röyksopp er at du alltid kan vente å finne kjente og kjære lydar som sampling i låtane. Og dei har ikkje skuffa denne gangen heller. Det er vel ikkje tilfeldig at under The Drug så kjem pipelyden frå ei stolheis inn som sampling?

Høyrde vi ynskje om ein musikkvideo?
– Versegod:

Og ja, dykk må sjølvsagt ta dykk tid til å sjå innslaget om Röyksopp på gamleheim hjå Lydverket. Og kanskje lese litt om kva Lydverket sjølv meinar?