Kor e alle helter hen?

Her:

Eller… i alle fall ein del av dei. Eg snakkar om Forbrukarrådet. Eg snakkar om kvardagsheltar som tar frå dei snuskete og gir hjelp til dei som treng det. Sjølv om dei ikkje gav meg direkte hjelp denne gangen, fordi eg ikkje spurde, så er det alltid trygt å vite at dei er der. Dei er der for deg, og kjempar når du blir for liten mot dei store. Det er også til stor glede at ein ser dei hjelper andre som har vore ute i same problemet.

Kva er det eg snakkar om? Jo, Vitelsaka sjølvsagt.
-Vitelsaka?
Ja, Vitelsaka. Vitel var ein kraftleverandør som skulle konkurrere med gode prisar. Men i den heitaste kampen fekk Vitel beskjed om at dei ikkje var verdige til å kjempe lenger. I staden for å berre trekke seg roleg ut og vite at alt var over, slik normale bedrifter ville ha gjort, skulle Vitel ta med seg halve kongeriket. I alle fall frå sine tidlegare kundar. Straumprisen gjekk frå 49,50 øre/kWh til 148,75 øre/kWh utan at nokke varsel kom. Ut av intet kom ei straumrekning på kr 2.443,16. Og det er noko som ein ikkje aksepterar. I alle fall viss ein er Sunnmøring!

Etter litt klaging var svaret at: «Ved sluttavregning ble det oppdaget at det var blitt satt feil priser. Dette er dermed blitt korrigert på sluttavregningen.» Og summen var den same. Etter enda litt meir klaging og truslar om å sende saka til Forbrukarrådet vart rekninga straks på kr 493,29. Men kvifor stoppe her? Ein kan jo ikkje berre gi ei høg rekning, for så å gi ei ny som er mykje lågare, når summen faktisk skal vere enda lågare. Enda litt meir klaging og rekninga vart på kr 430,15. Men kvifor stoppe her? Ei siste moglegheit til å gjere godt vart gitt til Vitel, og svaret var klart: «Greit, betal inn kr 73,43 kr og saken regnes som avsluttet.»

Sjølv om Forbrukarrådet aldri var direkte inne i saka mi, så var det ei sann fryd å kunne vise til det som Forbrukarrådet skreiv om Vitel på si nettside. Det å kunne true Vitel om at saka ville bli klaga inn til Forbrukarrådet er heller ikkje noko ein skal undervurdere. Takk også til Elklagenemnda som også var med å hjelpe Forbrukarrådet med sine syn på saka.

Takk til slike kvardagsheltar som er det for å hjelpe når vi treng dei som mest!

For dei som skulle lure. Eg vart straumkunde hjå Vitel ved at MinStrøm.no sendte straumen min ut på anbod og at Vitel fekk det. Tilbodet som eg fekk til slutt av Vitel skulle vere grunnlagt i spotprisen på straumen i Bergen, det gamle NO2. Denne spotprisen skulle gjelde frå 01.01.10 og ut til Vitel gjekk ut av marknaden. Alle avrekningar før 01.01.10 vart gjort til opphavelege straumprisar, som låg under spotprisen.
Til slutt såg altså mi straumrekning slik ut:

Periode – straumpris
26.11.09-29.12.09 – 27,70 øre/kWh
29.12.09-01.01.10 – 27,90 øre/kWh
01.01.10-11.01.10 – 47,96 øre/kWh
11.01.10-01.02.10 – 47,96 øre/kWh
01.02.10-24.02.10 – 59,02 øre/kWh

Har du vore kunde hjå Vitel og er missnøgd med sluttrekninga, du bur i Bergensområdet, eller det gamle NO2-området, brukte MinStrøm for å bli kunde hjå Vitel, så bør du kunne forvente å få rekninga di ned til dette nivået. Kan ikkje love nokke, med det skader ikkje å prøve. Lykke til med klaginga, bruk Forbrukarrådet viss du treng hjelp.

Til slutt,
Kjære dykk som står bak Vitel – ikkje gjer slike dumme ting.

Og takk til Gulesider for biletet.