Lite hendig sjølvskryt…

Det er jo kjend at SAS er i vinden for tida, og at redninga ser ut til å kome snart. Blant anna fordi betre tider er i vente. Men, det er ikkje det vi skal ta opp i dag. I dag er det sjølvskryt. Finfin sjølvskryt over nye fly, og korleis ein samanliknar ting og tang. Det heile startar med dette magasinet her:

Vi snakkar altså om SAS sitt internasjonale magasin, Scanorama, som er skreve på framandlask. Det er nok ikkje det magasinet eg helst ville ha tatt fram viss eg skulle kose meg med lesestoff, men når tilbodet er avgrensa takkar ein sjølvsagt ja.

Etter masse pjatt og rare ting kjem du fram til den spanande delen: SAS – Our World. Og her finn du mange godbitar. Blar du fram til side 4 finn du dette her:

Og det er her vi skal trekke fram bildeteksten:

Fuel efficiency in action: a round trip between Copenhagen and Stavanger. The CRJ900 NG uses about 3.2 tons of fuel, wheras an MD-87 would use about 6 tons.

Normale ehh.. Andre mennesker ville nok kanskje berre stogga her og tenkt: Fint. Men det klarte eg ikkje.

Ved å bla litt lenger bak i magasinet finn du ei ny finfin side for lettere flyentusiastar:

På denne sida får du opplysing om masse rart og spanande om fly som SAS nyttar. Og det første vi her skal legge merke til er at MD-87 ikkje er lista opp. Altså flyet som dei samanliknar det nye flyet med, er ikkje verdsatt så høgt at det får kome med i lista. Joda, SAS har faktisk MD-87 fly, men tydlegvis ikkje så mange aktive i dag…

Men, for å ta det litt videre. Det nye CRJ900 NG er eit 88 seters fly på 36,2 x 24.5 meter. Oppgitt drivstoffbruk pr sete pr km er 0,040 liter, og det verkar jo svært lite. Godt at vi har fått nye fly som er drivstoffeffektive! Men, problemet er at viss du leser på dei andre flytypane som også SAS nyttar så… ja, det er berre 3 av dei 14 flya som brukar like mykje drivstoff pr sete pr km. Kvifor? Jo, det har stort sett samanheng med at dei andre flya er større enn den nye fancy CRJ900 NG. Dei andre flya ligg mellom 130 til over 250 plassar, og då er det naturleg å anta at ein fly som er mindre vil nytte meir drivstoff pr sete pr km. Men ser vi f.eks på den kjære Dash 8-Q400 som har 78 seter så bruker den faktisk 0,004 L mindre pr sete pr km enn den nye CRJ900 NG. Eller ser vi på Avro RJ 85 så nyttar den 0,038 L og har 84-95 plassar… Hmm.. trur ikkje den nye CRJ900 NG er så bra likevel eg…

Men, ein kan jo ikkje stogge her. Vi må finne meir ut om MD-87.

MD eller McDonnel Douglas 80-serieen kjem i fleire variantar. Ser vi MD-87 opp mot dei andre i serien ser vi at 87 er eit kortare og lettare fly. Lettare og kortare fly vil jo naudsynt seie at ein skulle bruke mindre drivstoff, men sidan det også er færre seter å fordele forbruket på, så er det faktisk litt vanskeleg å ta ein eintyda konklusjon. Men det er jo ikkje heilt smart å samanlikne CRJ900 NG med sine 88 plassar opp mot ein MD-87 som har 130 – 139 plassar. I alle fall viss ein berre skal legge vekt på drivstofforbruk i form av tonn pr rundtur, og ikkje fordele det ut på forbruk pr kapasitet. Her da drivstofforbruk pr sete.

Konklusjonen blir:

- Kjære SAS, dette her var vel lite hendig sjølvskryt.

- Kjære SAS, ikkje skryt over nye fly som er så masse bedre når det dykk samanliknar med ikkje er verdig nok til å vere med i flyflåten dykkar.

- Kjære SAS, når ein skal samanlikne ting så må ein velge samanliknbare ting. Evt, kompensere det gjennom førehaldstal som tonn/sete/km eller tonn/sete på ei gitt strekning.

- Kjære lesar, eg er nok ikkje fullstendig gal. Men rett skal vere rett, og det å lure folk med tal på denne måten er ikkje bra.

Når alt dette er sagt… så er det kanskje heller nokke anna eg brude skreve om:

CRJ900 NG kan faktisk ikkje ta med seg meir enn 37,9 kg når det skal lette. Så… då er det kanskje ikkje så rart at det er eit svært miljøveneleg fly. Det vil aldri kunne ta av…