City of Dreams


Jepp, fotograf Sunde slår til igjen! Kanskje det er heller litt flaks enn dyktigheit, men stas er det i alle fall.

For, i går fekk eg boka «CIty of Dreams» frå Gyldendal i Danmark:

Dette her er ei engelsk lesebok for danske elever på eit eller anna klassetrinn… Boka handlar om håp og draumar i Hollywood, altså «City of Dreams». Det store, som du sikkert har forstått, er at på side 29, så finn du eit bilete som eg har tatt. Og jepp, det er Central Perk. På omvisning i WB fekk vi ein tur innom denne kjende og kjære kafeen:)

Slår du opp litt lenger bak i boka finn du namn og slik. Fine saker. Stas.

Originalbilete kan du sjå her ja:

Og viss du skulle lure på korleis mitt bilde havna i ei dansk lesebok -> Flickr!

Jepp, det var same årsak til at eg fekk framsida på Constituting Communities.

Og viss det skulle freiste, så finn du flerie bilete frå USA-turen her!