Litago MME – Morsmelkerstatning

Nytt semester, ny smak. Den tradisjonsrike Litago semesterets smak er tilbake i ei ny og grøn klesdrakt. Frå kokosbolle og ei snikkersblanding og over til dette her: MME! Eller morsmelkerstatning som MME står for…

Viss ikkje namnet var forklarande nok: Morsmelkerstatning inneheld smak av grønt eple, kanel og villbringeber. (stopp gjerne, gå tilbake og les ein gang til smakskombinasjonen…)

For det første. Trur aldri det går ann å forklare smaken heilt. Einaste måten du kan finne det ut på er å prøve… Logisk nok. Den næraste samanlikninga som eg kan kome på er eple og kanelte som har blitt tilsett mjølk og eit lite bringebær som flyt rundt om kring for å gi litt farge.. Du spyr ikkje etter første slurk, ei heller etter andre… Men fargen på blandinga gjer sitt i at du aner at turen går mot toalettet i næraste framtid…

Snakkar vi ein smakssuksess? Nei, det gjer vi ikkje. Men stor kreativitet skal dei ha for å finne opp denne blandinga. Og ære til Tine og Litago som satsar på nokke så… ehhh… grønt. Kjenne eg ser fram til at dette grøne forsvinner og ein ny smak ser dagens lys:)

God Helg!