Kom og sjå!


Jepp vi snakker Apple. Narve kritiserte meg for å vere seint ute ein gang… Det ligg framleis tungt over meg, så eg tenkte at det var på tide å skrive nokke litt Applenerdete! Johooo!!!!

For ja, vi Applenerds har gleda oss til den veka som kjem. Vi har venta og venta. Rykter om alt mogeleg har kome fram. Akkurat slik vi liker det. Men Apple skal ikkje presentere eit nytt produkt denne veka. Dei skal presentere ein ny «kreasjon»! Hmmm… Kanskje Apple skal gå over i klesdesign? Høyrde vi jakke med innebygd iPhone og MacBook? Prosjektor i arma og høgtalarar i skuldrane? Det blir liksom berre å gå ut på gata, strekker ut arma og vips, utekino? Hmmm… Neee… Apple er berre snauta flink med å få opp spenning rundt produktlanseringa. Alle forventer at ein iTablet/iPad/iSlate skal bli lansert. Altså den nye kreasjonen er ein bærbar dings med ca 10″ skjerm og utan tastatur. Den skal vere fylt til randen av godbitar og Apple skal revlosjunere menneskeheten nok ein gang. Alt skal kunne skje med å trykke på skjermen… Men… Kva skal ein med denne dingsen? Mange tvilte på at iPhone kunne bli nokke suksess. I dag, tre år etter, veit vi at den har blitt ein så stor suksess som Apple meinte den skulle bli. Kva skjer no? Kjem alle til å gå rundt med ein skjerm under handa? Kjem verden til å oppleve nokko så revlosjunerande at ingen ting blir det same igjen? Er dette løysinga på verdas problem? Vil vi i det heile tatt ha bruk for det??

Uansett, enn så idiotisk dette produktet vil verke for alle dokke der ute. Uansett kor dyrt og unyttig det kan verke: Eg kan garantere at Apple og applenerds over heile verda skal klare å overbevise om at det er eit produkt som du verkeleg vil trenge, og at livet aldri vil bli det same utan dette produktet!

Sånn Narve, då har eg fått sagt nokke, håper berre at det blir så fantastisk som alle trur det skal bli:)