Ei oppvaskmaskin.
Du stod der så fint, nesten ubrukt, litt bortgøymt under anna rot. Dei blanke stålsidene dine reflekterte sollyset som trengde seg inn dei skite takvindauga.
Du var einsam, forlaten og mangla livsgnisten.
Men, du var ikkje uoppdaga!
Ein gratis gullklump som deg kan ikkje står forlaten. I alle fall ikkje når ein Sunnmøring går fri…
Ei oppvaskmaskin var du. Men enorm plass og ei sjarmerande lukt. Ei ekte Husqvarna er du!
Du fekk vatn for å slukke tørsten. Du fekk straum for å få tilbake gnisten.
Brytaren vart skrudd på og du svara med å leve!
Du starta med å leke. Først dråpe for dråpe, så straks liter for liter.
Men du jobba framleis! Du haldt ut. Heilt til…
… mørket tok deg… Straum og vatn går ei hand i hand.
No står du der igjen, på loftet, einsam og forlaten…
Heilt til neste gang nokon flyttar inn i blokka og oppdagar: “Hey! Gratis oppvaskmaskin! :)”
Solskinn vil igjen bli reflektert frå dine blanke stålsider…




hehe..morosamt..morosamt…kunne ha kasta den da..men da får du jo ikkje gleden av tanken på at nokken andre kan oppleve det samme som dokke!!!gikk strømmen i heile blokka eller!
Hehe:) ja… Uten bil så er det lite som seier at eg vil ta den med på bussen for å kaste den ein stad… Men for all del, det hadde jo vore tragisk å ta frå andre ei slik glede!
Vi klare berre å ta jordfeilbryteren i vår leilighet… Kjenner at eg er glad for at vi har kome så langt i utviklinga av straum i hus, altså at vi har jording. Aner at det kunne ha blitt spennende viss vi ikkje hadde hatt det;)
Jeg ler..hehe
Jording er en fin ting. Men graden av action hadde jo blitt større om det ikkje var jording. og det hadde kanskje resultert i en enda mer spektakulær historie på bloggen…
Her må vi legge de ulike argumenter på vektskålen og se hva som er tyngst. jording eller spektakulære historier? Kjenner jeg er svært usikker på vektens resultat..
Bra du ler! :)
Joda, eg ser den, jording kan gjere livet (og bloggen) litt kjedlig… Men kan derfor meddele ei kort historie.
Bjarne skurer golv med stor og litt gamal skuremaskin. Gamal fordi det er dei gode gamle maskinene som har stor motor og er tunge. Noko som gjer at golva blir betre skura… Men gamal vil også seie litt slitt, og ikkje alltid isolasjon rundt ledninga heng på.. Tenk gang i eit skulebygg. På golvet ligg det fleire liter med vatn og skuresåpe (polishfjerner), sjølvsagt ligg den letter uisolerte ledninga ned i dette vatnet… Vi går inn i situasjonen:
- hmmm.. dette her lukter litt… litt sånn svidd gummi…
- hmmm… lurer på kva den knitrelyden er…
- hmm.. kvifor rister (evt. pulserer) leggmusklane utan nokken grunn..
- ehh.. svarte merker i golvet?
- ehh.. hmmm.. det lukter svidd hud..
- Lettere smerte i beina.
- Større smerte i beina.
- Vatnet freser (koker) rundt beina…
- Enorme smerter i beina.
Bjarne drar på butikken og kjøper isolasjonsteip…
(Jepp, kunne ha blitt skreve litt meir dramatisk.)
Lærdommen er, ikkje gå i låge sandalar når du skurer golv med gamle skuremaskiner. Det er ikkje alltid jordinga fungerer slik at sikringa går viss f.eks. skuremaskina har vesentlige manglar…