bjarnebs.com

Ferdig.

Akk så oppbrukt tittel, men akk så nydeleg den er. Det var det, ferdig for i år! Og ikkje nok med det, aldri meir eksamen. Aldri! (Eller.. ganske så sikkert i alle fall, alt kan jo skje…) Neida, ikkje dyster, mørk og svart stemning her. Det var berre desse bileta som eg hadde for handa […]

NSB Julereisen

Sidan snøen har falle i Bergen i natt, og det er snart juleferie, så tar eg meg frimodet til å skrive eit blogginnlegg på nytt. Det vart skreve for to år sidan også, men dykk som ikkje fylgde med her då, eller du som hadde gløymd alle tinga kan gjerne ta ein titt på lista. Jepp, […]

Oppdatert forsking!

Med den enorme oppslutinga rundt dette store temaet, så kunne ein ikkje legge dette forskingsprosjektet på is med ein gang. Så, med det faktum at eg faktisk klarte å få festa opp tetningslister på kjøkkenvindauget i går, vart det grunnlag for ny forsking. Med alle andre faktorar ganske så nøyaktig reprodusert, var det med eit stort sjokk […]

Dagens forsking

I dag har det blitt forska på temperaturendringar på kjøkkenet. Og eg kan opplyse om at det å koke ein porsjon med havregraut og vaske opp gårsdagens oppvask hevar temperaturen på kjøkkenet med 0,8 grader! Dette gitt: Starttemperatur på kjøkkenet 14.2 Temperatur ute undar heile forsøket -4,4 Delvis defekt panelomn stod på 20 grader Alle dører inn og […]

Lysfest 2010

Sjølvsagt var vi der! Nok ein gang var det siste laurdag før advent, og tid for å feire lysets høgtid! Bergen sentrum er staden og halve Bergen var der nok.. i alle fall nesten. Det vart jo sjølvsagt delt ut faklar: Og sjølsagt song og underhaldning! Og til og med sjølvaste Odd Nordstoga var der! (Litt […]

Sjølvsagt måtte det vere her!

Som om det ikkje skulle vere nok med Kvikk Lunsj Mjølkesjokolade, Bergans måtte også ta turen innom Strandafjellet. Men kvifor ikkje? Staden er jo nydeleg. Dog litt humor at det er «Vikersund«-serien til Bergans som blir promotert på Stranda… (Berre litt trist at nokken måtte sette heile kommuna i enorm gjeld for å finansiere nokke […]

Kanskje verda ikkje er så verst likevel?

Takk til T-Mobile for kvardagsglede, og håp om at verda er ein god stad å leve likevel!

Sannsynet for at dette her…

skulle skje, rett over midten av oktober, i BERGEN, er vel ganske så lik 0. Men det skjedde likevel. Og ja, etter ein par minutts gåtur i sentrum så er konklusjonen klar: Bergensere likar dette ikkje! Utvekslingsstudentar derimot! Dei har nok med å halde på varmen etter snøballkrig for første gang i livet;)

Karrieredagen 2010

Siste veke var det nok ein gang tid for haustens vakraste eventyr, vi snakkast sjølvsagt om Karrieredagen! Det var jo med eit visst vemod eg gjekk rundt og sanka inn godsaker. Det var jo siste karreiredagen min på NHH (i alle fall som student)… snufs snufs. Sjølv om ikkje fangsten var like god som i […]

Det kulaste.

Dette her er altså video-mapping av det astronomiske uret i Praha. Viss du ikkje er Praha-kjend, så er dette eit ur som har stått det i 600 år no. Dette måtte feirast, og for ein måte å feire på! Min tsjekkisk er ikkje så veldig bra, viss din er bedre kan du gå inn her […]