Verdas Beste Leseplass!
Vel, om det er nokon der ute som skulle vere i tvil: Det finnast ikkje ein betre leseplass enn do.
Ja, eg veit at ca. 50% av folket der ute i verda er heilt ueinig. (Ja, denne delen av folket går under namnet kvinner. Med visse unntak…) Men, lat meg no oppsummere eit par føredelar slik at dykk kanskje kan forstå noko meir:
- Toalett har som oftast lite innsyn, og dermed også utsyn. Ein vil ikkje bli forstyrra av folk som går forbi. Ein vil heller ikkje irritere seg over det fine veret som er ute.
- Skulle du ha ein viss trang til å gjere ditt fornødande, så er det ingen plass du heller skulle ynskt å vere.
- Det er som oftast golvvarme. Som ein økonomisk student så er bruk av varmekablar svært nyttig i dette tilfelle. Oppvarma golv gir god fottemperatur, og det er ingen trang til å ha på seg sokkar eller andre liknande varmesaker for føtene. Her sparer vi då også kostnadar ved vasking av sokkane, for ikkje snakke om miljøet!
- Fridom. Eg trur dette her er berre 50% av folka som vil skjønne dette fullt ut. Men for dykk andre: Ja, det er fridom å sitte på do.
- Stillhet. Toalett har ein heilt eigen stillhet.
- Lite med andre forstyrrande element. Her er det ikkje nokke tv-apparat som skri etter din merksemd. Og legg du igjen telefonen på stua og skrur av lyden slepp du problematikken med den også.
Men… det er jo også negative sider med denne leseplassen da.
- Dei færraste toalett er utstyrt med bord, eller ein anna form for benkeplate. Dette medfører problematikk rundt talet på bøke som ein kan ha med seg inn, og ikkje minst: Kvar i alle dage skal ein få plass til kaffikoppen, peparkakene og klementinane? Det er jo snart jul, og då må ein jo ha litt å knask!
- Andre brukarar… det har seg at enkelte nyttar toalettet til andre ting enn som leseplass. Det kan derfor oppstå problem viss du bur i eit husvær med andre folk tilstades. Dette var eit problem tidlegare i haust, med sidan kona i huset har tatt juleferie allereie så er det ingen som trenger seg på her i alle fall!
- Lukt. Enkelte personar klagar over problem som dette. Men det er som oftast lukta frå andre ein klaga over. Er det berre du som er der så går det så bra så!
- Etter eit par timar kan ein oppleve litt ubehag sidan doringen ikkje er særleg ergonomisk utforma for å berre sitte på. Den er visst laga for andre føremål.
Men.. så kjeme frøken plettfri da: “Men æsj… det er jo så skittent og ekkelt på toalettet. Tenkt på alle bakteriene!”
Vel, kjære frøken plettfri: Det er eit stort sannsyn for at det er mange fleire bakteriar på den datamaskina du no har framfor deg. Dette her er faktisk forska på, så lenge du ikkje vaskar datamaskina med sprit kvar einaste dag, så er det fleire bakteriar der enn kva du finn på doringen. Eit aldri så lite googlesøk gav dette resultatet: Flere bakterier på tastaturet enn på do! (og sidan det er KK som skriv om dette så vonar eg at du Frk. Plettfri tar det inn også… og når du er der inne på kk.no, så kan du også lese denne her!)
Og no som alle klagar over at det nye HIB-bygget er for lite… Eg spør no eg: Kven i alle dage er det som føretrekke overfylte lesesalar, når ein heller kan sitte i stille og trygge omgivnader på do? Her er det inga frykt for svineinfluensa. Her er det godt temperatur.
Jepp, det var det. Nok eit verdsproblem er løyst. Godt at både fattigdomsproblematikken og andre verdsproblem er løyst frå før av

Har aldri vært mer enig i noe du har skrevet!!!!!
Lenge leve toalettet;)
Ang. frihet – jeg skjønner deg så godt broder!
Heyheyhey! Kaller du meg MANN!? For jeg er i aller høyeste grad enig med deg. Do er den beste lesesalen!
TakkTakk Sveinung:) Godt vi er einige.
Nei, eg kalla deg ikkje mann Camilla… Berre ikkje kvinne;) Muhahahahha! Fiksa opp litt teksten eg, håper at du er nøgde med det. Trur det heller er enklare å føre opp unntak, enn å skrive opp alle som er einige;)
jeg er også helt enig! om det gjør meg til en mann får så heller bare være.
Dette her er jo nesten litt shocking news azzå! Må eg lage til ei lang unntaksliste, eller er to personar nok til å motbevise teorien heilt? hmmm… dette her må det tenkast litt på… men ikkje no, no er det juleferie!!!
Hehe… hvis ikke dette motbeviser teorien, sier det kanskje noe om Borgermester Platous gt. anno 2007-2009.
Hehe:) Godt poeng.