Obamani

Skjermbilde 2009-12-11 kl. 09.41.10
I denne augeblikken forlater Obama Noreg, men lat meg oppsummere Obamadagen – Noregs største mediedag sidan oppstarten av media…

Beste avisoverskrift:
Anders lager Obamaten. (Ja, den gav inspirasjon til Obamani. Litt flaut å innrømme at VG kan gi inspirasjon..)

Største dekning:
Vel… det var slik at dagbladet lenge låg langt framme med ca 80 lenker til artiklar om Obama, men då han først hadde kome seg inn til byen gjekk VG heilt bananas og passerte langt over 100… Det vitenskaplegemåten dette var testa ut på var cmd (ctrl) + f og søk etter Obama…
Skjermbilde 2009-12-10 kl. 12.54.29
og ja, eg fjerna søk frå dissa liveboksene til både vg og dagbladet.

Mest Obamanøytrale:
DN.no. Låg jamnt heile dagen på under 5 treff.

Største syteparver:
Politikarar, med Ap-folk i spissen, som ikkje fekk vere med på finfesten.

«Det er Stortinget som er gitt ansvaret å administrere Nobels fredspris og nedsette komiteen. Da er det veldig rart at så å si ingen fra Stortinget blir invitert, men mange fra næringslivet.»

Marit Nybakk (Ap) – Dagens Næringsliv 09.12.09

Kommentar:

  • Viss dokke først har satt ned ein komitee, og absolutt også vil på middagen, så er det ingen problem for dykk å kreve at dokke skal vere med på middagen. Eller har dokke kanskje ingen makt over dykkar eigne komiteear…?
  • Har dokke nokken gang tenkt over at dokke kanskje berre har symbolmakt, og ikkje reell makt? jf punkt nr 1.

Uheldige programtittel:

Huffda NRK og Canal Digital. Dette her kan framstå som… ehhh… ja. Tolk sjølv.

Beste program:
Banden på NRK P3. Programmet laga heile sendinga til denne afroamerikanske mannen. Den sportslege, kortklipte, mektige, morosame, inspirerande og fascinerande personen som kom til Norge: Will Smith!

Obamasitatet:

Skaaal!

Det er heilt fantastisk. Når Obama kjem tilbake til sitt heimland og tenker tilbake på kva han lærte i Norge, så var det skaaal! Jaja, godt han fekk med seg den ekte norske kulturen da…

Beste aktivitet:
Where’s Obama? – personleg rekord er 2.11.

Beste oppsummering:
(For utan denne her da) O’ store bama! Det er berre lydverket som kunne ha klart nokke slikt.