Ei oppdatering!
Nå folk spørjar så fint så fint så kan ein ikkje la vere å svare:
Berre for å ta det først. Eg hadde tenkte eg skulle skrive noko om den nye oppdateringa til VG-Nett. For dei som ikkje har sett den enda så har
VG-Nett fått nytt design…
Som dei seinare også har forsvara… Eg starta med å skrive eit aldri så lite skribleri, men min kjære kone stoppa meg før eg fekk publisert. Det vart rett og slett for masse hat… og dermed nok om det. Det er nok hat i verda allereie.
Vidare så var det lysfesten. Etter tidlegare forsøk med fotokamera så tenkte eg i år at eg skulle prøve nokke heilt nytt. Sidan vi no har fått leilighet ca 500 meter frå der ein skyter opp rakettane så tenkte eg at her måtte det vere fantastisk å filme frå. Eg satte derfor opp kamera i vindauget og freista lukka medan vi gjekk ut for å sjå på fyrverkeri og delta på lysfesten, resultatet:
Som ein kan sjå:
- Problem 1: Mesteparten av fyrverkeriet kjem ikkje med på filmen. Rakettar går mykje høgre enn eg trudde.
- Problem 2: Kvaliteten på kamera er ikkje særleg god
- Problem 3: Lyden. Vanskeleg å gjere så masse med.. er tross alt LANGT unna med tanke på at ein skal ta opp lyd.
- Problem 4: Det finnast så alt for mange andre betre filmar av same tingen…:
Så vi får sjå kva som skjer til neste år…
Men ellers veit du, då er det ganske fine saker i Bergen. Snart ferdig med eksamen (les ei veke ++ til), og då blir det juleferie. Årets jul blir på sørlandet, men nyttår skal skje heime. Og ja: Den nye stolheisa på Strandafjellet skal prøvast ut.
Gode tid! Det var nesten litt for masse på ein gang… og det var berre litt av alt som hadde skjedd… hmmm.. kanskje det er på tide å skrive litt oftare igjen… :)
Ja, eg kan jo sjølvsagt også legge til: Skulle du ha eit behov for å ta bølga (hoho!), så har eg ein skau med invitasjonar som eg kan dele ut… Berre skriv i kommentaren under at du vil ha, så kan eg sende ein invitasjon:) (ja, må ha epostadressa di også – så fyll ut)



Gøy med oppdatering!! JA!
Men litt skuff at fyrverkeriet var så høyt. Gleder meg til neste års opptak!
Videoen fra fløyen satte jo din video i litt dårlig lys..hehe. men, men!
Jeg vil ikke ha bølgen…:) har nok å gjøre om jeg nå skal begynne utforske noe nytt! Nei det gidder vi ikke!
Hehe:) ja, når ein veit at andre har klart det bedre er det berre å prøve å skjule det, eller vise det med ein gang og seie at andre er flinkare…
Bølga ja.. Eg og Helge har funne ut at ein kan spille Sudoku mot kvarandre… og det er jo ganske gøy da;)
Du skulle sett lysfesten fra 14.etg på Rådhuset – favorittbygget ditt ;)
[...] bloggen så starta det heile med ei oppdatering… Etter ein god månad i dvale så var det godt å få skrive litt [...]