Dagens musikksjokk!
Har du nokken gang høyrt på Jamie Cullum sin Don’t Stop the Music og tenkt: Her var det nokke veldig kjend? Eller at du kanskje høyrde på Rihanna og tenkte: Dette har eg høyrd før?
Vel, dagens shocking news: Det er jo same låta!
Sjølvaste Jamie forklarer her at han var ute på byen og høyrde ein kult låt (Rihanna – Don’t Stop the Music), og tenkte: Denne her må eg gjere noko med, og resultatet vart: Jamie Cullum – Don’t Stop the Music
Og enda meir spanande fakta, Jamie har faktisk bevist prøvd å få med ei contemporary låt på kvar plate han har gitt ut. Altså han finn ein song frå notida som han likar, for så å gjere den til sin song… AiAiAI! Det er alt eg har å seie om dette.
Eg må konkludere med at eg synes Jamie sin versjon er best da, men det er no berre mitt synspunkt. Det kan dog ha sin årsak i at Jamie Cullum havner litt høgare oppe på topplista mi enn kva Rihanna gjer… 10. mot 148. plass…
Eller er dette her nokke alle viste frå før av?

jeg visste ikke:)
Vel, då var det ei glede å kunne opplyse deg:)
Vil no seie at Rihanna og Jamie ikkje akkurat er i same sjanger, og dermed også kanskje ikkje så vanleg at folk høyrer på begge to…
Forresten, morosam video om songen:
Eg seie berre ein ting eg: Konsert med Jamie Cullum skal på lista! (og nr. 48 vart det!)