Skjermtips

I skribleriet om at min kjære sykkel kom tilbake, så uttrykte eg ein lett frustrasjon over at tjuvane hadde fjerna ein påteipa flaskebit på sykkelskjermen. Svein Arild skjønna ikkje heilt kva i alle dage ein flaskebit hadde å gjere på ein skjerm… Forklaringa er regn og svært, svært dårleg design frå skjermlagarar!

Men, Bjarne har løysinga på dette designproblemet som gir deg våte og skitne flekkar på ryggen.

1. Ta av din avtagbare skjerm frå sykkelen og vask den. Har du ikkje ein avtagbar skjerm på sykkelen så har du nok heller ikkje det aktuelle problemet og kan stoppe å lese her. Har du heller ikkje sykkel så er det svært lite med naudsyn info til deg. Er du derimot designer av sykkelskjermar så kan du lære MYKJE her!

Etter vask bør skjermen få tørke litt også.

2. Leit fram naudsynt utstyr.

  • 1 stk. bakskjerm
  • 1 stk stor plastflaske – gjerne ei eingongsflaske som er laga av svært rørleg plast. Her har eg da bruk ei saftflaske frå First Price.
  • 1 stk lommekniv, kan eventuelt nytte ei saks
  • 1 stk teiprull. Her svart pakketeip frå Chlaseren.

IMG_8070

3. Kutt av toppen på flaska

IMG_8074

4. Kutt av botn på flaska

IMG_8075

5. Del flaska ca på midten. Her bør du skjekke litt opp med krumminga på skjermen slik at den passar best mogeleg. Kutt gjerne litt på skrå utover, altså slik at biten som skal bli teipa fast på skjermen er smalare enn den enden som skal stikke ut i lufta. Skjekk siste bilete.

IMG_8077

6. Teip fast flaskebiten.

IMG_8078

7. Er du skikkeleg kul så lar du vere å fjerne etiketten frå flaska. Det finnast svært mange typer flasker der ute som kan nyttast. Sett ditt personlege preg på sykkelen din. Vil du vere litt First Price? Eller kanskje litt meir eksklusiv…?

IMG_8079

8. Er du ikkje så kul så fjernar du etiketten og du sit igjen med ein finfin plastbit. Jepp, du kan gå bananas med teip og kle heile flaskebiten med svart teip. Eller gul, eller grøn… eller kanskje male eit bilete. Alt er opp til deg.

IMG_8081

Og vips, du er no ganske sikkert garantert å ikkje bli både våt og skitten på ryggen når du syklar. Som du kan sjå så gjer skråkuttinga av flaska at du får litt sprutekantar nedover på sida. Du treng faktisk ikkje ein lenger bit før problemet er ordna. Men sjølvsagt, det kan vere individuelle desigforskjellar på både dekk, skjermar og plassering av desse i tilhøve til kvarandre. Derfor, for å unngå amerikanske tendensar så gjer dykk dette på eige ansvar. Eg tar ikkje ansvar for at du kuttar deg på kniven eller flaska, ei heller at du teiper deg fast til skjermen. Og eg tar på ingen måte ansvar for at flaskebiten ikkje fungerar slik den skal slik at din nye jakke blir både våt og skitten… sykl forsiktig.