Halleluja!

Jepp, det er vel ikkje andre ord som forklarar mi kjensle no. Kl 23.17 i går fekk eg ein hyggeleg telefon frå Bergen Politikammer. På ein rundtur i Nygårdsparken (Mange vil nok her tenke: Det var ein logisk stad) fann ei patrulje ein sykkel. Og ikkje kva som helst sykkel heller. Det var faktisk ein DBS Intruder 104 med svart farge. Utrulig, men sant.
I dag var det derfor oppmøte på politihuset nok ein gang, fint kledd og passe mett, for å få henta min kjære sykkel. Sykkelen var dog litt forkomen ved overlevering, men etter snart ein månad bort frå sin eigar så var attsynet godt. Det som eg derimot lurer litt på er kvifor i alle dage var det så viktig for dykk å skru av feste for fram- og baklykta? Eg har jo lykta her, kva i alle dage skal dykk med feste for ei fram- og ei baklykt? Sjølve sykkelcomputeren til sykkelen har eg også her, kvifor i alle dage var dykk så interessert i å behalde strikket som haldt fast sykkelcomputerhaldaren til styret? Og til slutt, siste, men ikkje minst, den store finalen: Kvifor i alle dage skulle den avkappa brusflaskebiten som eg hadde teipa fast til bakskjermen (ikkje påmontert på bilete over bilete nei..) vere til så stor glede at dykk tok dykk bryet med å fjerne 1,5 meter med teip for å få den laus? Det er liksom ein del enklare å berre løyse av heile skjermen…
Men, men. Eg er nøgde for å få den tilbake, men eg hadde dog heller sett at den aldri var stjelt da.
Dagens STORE takk går til Bergen Politikammer! Tusen takk skal dokke ha!
(og takk til Gjensidige forsikring som haldt ut all sytinga og klaginga mi.. dokke skal få pengane tilbake snart…)
Det var godt nyhende !
Oss 2 på Pørsen
ett lite spm. ka gjor den avkappa brusflaskebiten under 1,5m med teip, fastmontertpå sykkelen!
Joda, d ska eg fortelle deg!
Av og til så regna d litt i Bergen. Dette medføre at d blir sølepytter på bakken. Har du ikkje sykkelskjerm så spruter d frå dekka og opp på ryggen din. For å ungå dette problemet så kjøpe du deg sykkelskjerm. D som eg, og heilt sikkert andre har oppdaga, e at dissa skjermane (slik som eg hadde) ikkje e akkurat superduper. I alle fall ikkje viss du he en stor sykkel.. Skjermen e rett og slett for kort. Du blir våt på ryggen likevel. Derfor tar du ei brusflaske, gjerne 1,5l eingangsflaske som er mjuk, kutter av toppen og botn, for så å dele midtbiten i to. No he du en fin bua plastbit som passa perfekt som forlengelse til skjermen. 1,5 m me teip e nokke du trenge for å klare å feste den så godt at den sitte fast. For ja, d regna og teip og vatn ekje alltid d beste. Altså, her snakke vi avansert design av sykkelskjerm!
[...] eg ein lett frustrasjon over at tjuvane hadde fjerna ein påteipa flaskebit på sykkelskjermen. Svein Arild skjønna ikkje heilt kva i alle dage ein flaskebit hadde å gjere på ein skjerm… Forklaringa er regn og svært, svært dårleg [...]
[...] starta bra med at sykkelen min kom tilbake! Og ikkje lenge etter var det Karrieredagen 09. Kjenner at eg kjem til å savne slike dagar etter [...]