Bergen under utforsking

Vel, etter tre år i Bergen så føler eg ikkje akkurat at eg er kjend i Bergen. Sandviken er i Bergen, men ikkje akkurat i Bergen sentrum. Og når du hverken går på skule i sjølve sentrum, eller bur der, så blir det liksom ikkje så masse av Bergen sentrum. Men.. Som dokke kanskje veit så har vi no flytta inn i sentrum og har det finfint her! Litt trist å ta buss om morgonen, men elles alt bra.

Sigrun og eg bestemde… ehh.. kom på tanken at det hadde vore kjekt å berre prøve å gå plassa som ein ikkje hadde gått før. Dette har resultert i fleire tuarar der ingen kunne tru at ja.. nokon skulle gå. I dag vart det ikkje ein så ekstrem tur, men vi fann straks ein veg som vi aldri hadde gått på før. Ei heller det å vere på toppen av Bergenhus festning. Gamle hus i gater nedanfor Fjellvegen er verdt ein tur å titte på. Som brannsjef i Bergen hadde eg fått mareritt, men som turist med kamera så kosa eg meg.

Ha ei finfin veke.

Hybel
Stadig aukande husleigeprisar i Bergen driv til innspirasjon..
Ingen gjennomgang

«Ingen gjennomgang»…
Trapper

Du finn alltids ei trapp i Bergen…

SportySigg!

BjarneGlis!