Alt som er gratis…

Gratis!!!!!

Aiaiai! Dette her blir nok litt skryteskribleri for bjarnebs.com… men det får dykk tåle. Eller vent… Dette her er ikkje så masse skryteskribleri, men ei heller litt info om desperate folk. Desperate folk? Å, ja! Desperate folk. Kven er det? Jo, folk som skal gifte seg:)

Ok, for å oppdatere folk som ikkje har fulgt med. For litt over 3 månadar sidan presenterte eg eit lite skribleri om «Gratis Bryllupstale!!!» Her lagde eg ei fin liste over at mange folk kom inn på bloggen min fordi dei hadde søkt på «gratis bryllupstale» på google… Vel… Eg kan love dokke at viss du skriver eit blogginnlegg med «gratis bryllupstale» som tittel så får du straks enda fleire vitjarar… Lat meg illustrere:
Gratis tale - statistikk

Jepp, i dag passerte skribleri mitt over bryllupstaler 3000 vitjarar totalt sett:) Eit lite jubileum! Jaja… nok skryt, eller nok syting over desperate mannfolk…