Nr. 47 – Coldplay

Eg trur vi berre lar bileta oppsummere denne fantastiske kvelden eg:

Det første naturlege spørsmålet er jo: Kvar var vi plassert på området? Vel, det logiske svaret er jo:

Coldplay

(Takk til bt.no for eg fekk låne dette bilete. Les deira fyldige oppsummering av konserten her.)

Denne plasseringa her resulterte i at ein etterkvart fekk intimkonsert med heile Coldplay…

IMG_0486

Og for den sak, berre han sjølvaste Chris også…

Nærast intimkonsert med han godaste Chris...

Ei heftig scene…

IMG_0474

Med bruk av laser! Trudde den bruken døyde etter hyperstate (eller nokke slikt) i vikingskipet i år 2000 eg… Men neida, finfine saker! Laser var gøy:) Å så var det dissa lyseballane også da… aiaia!

Laser! Trudde laserbruk døyde på 90-tallet eg.. men neida! Fine saker:)

Den obligatoriske: Alle tar opp telefonen sin…

Den sjølvsagte: Alle viser mobiltelefonen sin

Når konserten også jammen tid avslutta med fyrverkeri også så.. ja, det er vanskeleg å konkludere med at dette her nok var ein av dei største konsertopplevingane som eg har hatt i mitt liv. Den overgår faktisk nesten U2 også… Både plassering og sjølve showet var kanskje bedre her på Coldplay, men det er berre storleiken på U2-konserten som gjer det absolutt til den største. Men, men: Vi var alle nøgde då vi drog heim. Dog kanskje ikkje alle… Det aner meg at eit par irriterandes bergensere er littegrade irritert på den idiotiske sunnmøringen som aldri lot dei sleppe fram til gjerdet… Men, men. Eg har vel aldri sagt eg elskar bergensere heller?

Og vips, nummer 47 på lista er gjennomført!

Og slapp av, meir skriblerier vil kome her straks. Det har berre skjedd så alt for masse den siste tida. Kort oppsummert:

  • 5000 km (evt 500 mil) i ein Hyundai H-100 utan radio og skikkeleg avkjølingsanlegg
  • 7 bryllup (inkludert mitt eige)
  • 3 utdrikningslag (inkludert mitt eige også ja..)
  • 1 begravelse
  • 2 stk utflyttingar av leilighet
  • 1 stk innflytting og oppussing av leilighet i 4. etasje…

Fleire ting å glede seg til å få oppdateringer på ja:)

Ein god søndag til alle saman!