Ikkje berre peanøtter…
Nytt semester, ny Litago. Forigje semester hadde vi Litago Kokosbolle, no er det S-mjølk med sjokolade, peanøtt og karamell… ehhh.. ja, vel Frank Åge på NTNU… eg aner du har ein forkjærlegheit for snikkers eller andre peanøtt- og karamellhaldig sjokolade. Du liker nok sikkert mjølk også… Men eg aner at dei 400.000 som stemde på smaken din ikkje heilt hadde tenkt over kva dei gjorde. Mjølk med ein smak av sjokolade, peanøtt og karamell er lettere… ehhh.. spesiell. Veldig vanskeleg å forklare faktisk. Eg ikkje akkurat seie som ved Kokosbollen at det er «Akkurat så rart at det faktisk fungere»… Dette her fungerte liksom ikkje heilt. Men, men… det kan hende eg kjem til å kjøpe ein til av den i løpet av semesteret. Berre for å bli akkurat så kvalm at det faktisk er litt rart.
Jeg syns ikke det var så ille jeg.. merkelig – veldig merkelig – og umulig å forklare, men ikke så ille. Det var på en måte litt som flytende snickers men ikke helt treffende.
det var bra
ja, ikkje sant?