Blodig politikk
Det er ikkje så veldig ofte ordet politikk dukker opp på denne bloggen her, men av og til må det berre. Rett og slett fordi enkelte ting blir for vanskeleg å halde kjeft om. I dag, eller i går, kom ein slik ting opp. For du som ikkje har fått det med deg enda så vart Øyvind Heian frå Norgespatriotene “angrepet under skoledebatt.” Berre for å få det klart. Slike angrep synes eg er heilt idiotiske. Sjølv om eg kanskje ikkje støtter opp om det som Norgespatriotene står for, så har absolutt ingen rett til å angripe folk når dei i (relativt) rolege rammer ynskjer å yttrykke sine meiningar innanfor politikken. (Ja, relativt… debattar er ikkje akkurat alltid rolege…) Så det er ikkje det eg vil diskutere. Det er det som skjedde i etterkant eg vil ta opp.
For å få dykk med på tanken… Sei at du går på døra, faller i trappa, mistar ei bok på haudet eller nokke i den dur. Du får i alle fall eit kutt i panna. Kva er det du gjer da? Jo, det første du gjer er å tørke bort blod for å sjå kor stor skaden er. Når du så har tørka bort velger du om du skal sette på eit plaster eller om du bør gå til legen for å få ting sydd, stripsa, limt eller stifta saman. I mellomtida vil du heilt sikkert sørge for at blodet ikkje straumar ut av kuttet i panna di.
Lat meg då forklare dagens frustrasjonshending. Nemnde person får eit kutt i panna under diskusjonen. Han velger å halde fram med å få fram sine meiningar sjølv om blodet drypper. Ok, hans valg. Men, ein: Rart at ingen ville hjelpe, to: Kva med å tørke bort litt blod?. Men, men… debatten er over. Du tar eit par bilete av skada inne i lokalet.

Du får på plaster. Her burde ein tørke bort blod… Men neida, vi går utanfor skulen og lar VG ta eit bilete av skada.

Blodet har dog tørka no, men vi gidder ikkje å tørke det bort.. ei heller å vaske det bort. Men, men… godt at vi skal heim da.
Heime så er det enkelt å vaske bort ting. Normalt sette på eit nytt plaser viss det gamle ikkje fungerar. Eller eventuellt gå til legen viss du har så vondt at du må legge deg ned. Men, nei, vi tar nok eit bilete av blodet vi.

No har det kome ut nytt blod som har pipla ut på ein ny og kreativ måte…
Men kva gjer vi så… Joda, vi ventar ei stund til inviterer NRK på intervju. Men gamalt blod lar vi vere å tørke bort.. eller vaske bort. Fordi no har det tørka på nytt.

Ja, eg trur dykk skjønar litt kvar eg vil gå… Her er det mykje som stridar mot logisk handling. I alle fall normale personar som ikkje er i politikkens verden. Derimot, hadde ein vaska bort blodet så hadde ingen syntes synd på han. Her er det tydlegvis snakk om fleire timar får det skjedde til siste intervju med NRK. Då blir det rett og slett berre idiotisk. Det er amerikanske tendensar over bruk av verkemiddel som dette for å få fram sin bodskap. Ver så snill. Ikkje gjer slik. Det er absolutt heilt galt i politikken. Og ja, for du som støtter Norgespatriotene der ute. Dette er ikkje meint som kritikk til dykkar parti eller det dykk står for. Dette er kritikk til det valget som Øyvind Heian valgde å gjere. Om nokon i Norgespatriotene var med på arrangere det skal eg ikkje legge meg opp i. Hadde dette skjedd med eit anna norsk parti eller politisk person så hadde eg skreve det same også. Oppdatering: Akkurat no ser det ut til at han godast Erik også ville vere med, her dog sjølvpåførte skader då han skulle stikke hol i ein ballong…. Han valgte dog den meir naturlege tingen. Stikke til legevakta.
Konklusjon: Dette her er heilt idiotisk. Å vise fram blod på ein slik måte er det vi gjorde i barnehagen. Når du kutta deg sørga du for at du klarte å presse ut mest mogleg blod slik at det verkeleg såg ut som om du hadde skade deg. Men så spørs det.. er politikk noko meir enn ein barnehage? Den som skrik høgast får merksemda. Den som er kongen på haugen regjerar. Den som blør mest er den store helten?
Politikarar: Skjerp dykk!
“for du som støtter Norgespatriotene der ute” – hehe, tror du det er noen av de som leser bloggen din?
Tja… kven veit. Du les no den;)
det er vel forresten bare den blodige mann og et par tilhengere som utgjør partiet og da:=) hehe
Der er faktisk eit par til! Berre sjå på vevssida deira: http://www.norgespatriotene.org/
Som forresten er eit svært opplysande nettside…
Sitat norgespatriotene.no:
“Vi trenger tips om all landssvikeraktivitet i Norge. Har du sett kommunisttagging der du bor? Kjenner du noen som har blitt med i SOS Rasisme eller andre landsforræderriske grupper? (…) I så fall setter vi pris på om du sender oss en mail på info@norgespatriotene.org. Send oss informasjon om hva som har skjedd, når dette skjedde og hvor i landet du bor. All informasjon vi får vil bli behandlet i all fortrolighet.”
Finfin side du legger ut link til, Bjarne…
TakkTakk Håkon:)
Eg står framleis for å opplyse folk om ting og tang… Og no har eg vel klart å opplyse deg så godt om np at du nok absolut aldri kjem til å forlate ditt kjære krf og ta ein tur over grensa etter ehhh… litt andre meiningar…
Men joda, finfin side. Berre håper at folket der ser at dette her over, som har blitt skreve, og dei oppdagar kor verkeleg teit det var… Når det gjeld meiningane deira så ja… Eg trur du klarte å oppsummere dei ganske så godt eg.
Er du medlem av SOS Rasisme eller???? ;)
Hehe.. Det er godt du holder folkeopplysningens fane høyt hevet, jeg melder nok ikke politisk overgang med det første, nei:)
Neida, du har ingen grunn til å rapportere meg, jeg er forsåvidt enig med det meste SOS Rasisme står for, men når de hevder at Kirka må ansette dem SOS Rasisme liker, da mister de min støtte…
Men det hadde jo vært stas å sendt mail te NP og rapportert seg selv:)
PakkisHorer, FitteMuslimere, Jævla hjernevaskede Religiøse Avkomm! Hater dere ! FRP!
AiaiAi! Her var det gode politiske utspel. Men kjære “frp”, du oppfyller no akkurat ein av grunnane til at eg ikkje bryr meg å skrive så masse politikk. Folk klarer ikkje å styre kjenslene sine. Din finfine bruk av både STORE og små bokstavar viser at du ja, kanskje ikkje heilt tenkter over det som du skriver. Du imponerer også med fantastisk bruk av “!”! Det er ikkje så mange som klarer å få til det… Og for å ta ein litt sånn norsk-lærer perspektiv… er det Frp du hater, eller alle dei andre… Jaja, trudde du som kom frå vest-agder burde vite bedre enn å rakke ned på religiøse folk… Men, men…
Ja, forresten. Viss dette her skal vere eit ynskje om å fremme Frp sine valkampsaker så ja.. eg aner at dette her ikkje gir Frp fleire stemmer. Og skulle du vere Frp-tilhengar så kan jo du alltids ta opp saka om at Frp-folk bør lære seg litt enkel rekning… ja, kanskje litt norsk også etter dine ord…
Men, men. Lat ytringsfridomen råde. Så eg stopper der eg.
Tusen takk for at du valde å dele dine ytringar.
Hehe, Håkon:)
Folkeopplysing er særs viktig. Inføring i norsk språkbruk burde kanskje også vere ein ting å ta fatt i her ein dag…
Ser SOS-saka di også, og er nok ganske så enig på det. Ja, lurer verkeleg på kva som hadde skjedd viss ein rapporterer inn seg sjølv… Hmmm.. du først?
hehe..må le av den tragiske kommentaren fra “frp” :)
Hehe, ja… det sprøs om det er frp sin politikk som kjem fram… lurer på om det er Frp han hatar også?