Vi tar bølgen… Google Wave

google-wave

Google, vårt utgangspunkt for dagens nettliv, helde på å lansere Google Wave.

– Kva er så det?

Vel, «det er ikkje ein nettlesar», det er heller eit verktøy for kommunikasjon og samarbeid på nettet.

– Å? Spanande!

Ja, alltids spanande med slike ting. Innovasjon er som oftast bra, og google har vore flinke til ting før… Men det slo meg berre ein ting.. Namnet. Wave, bølgen, bølgja… Ring det ei lita bjelle hjå andre også her? … Ingen ting? Nei vel.. lat meg forklare.

Året er 1969, ein lærer på ein High School i USA misstrivast med sine elevar og tenker at her må det gjerast noko. Så i staden for å ta den vanlege historietimen om nazismen som han skulle gjere, så dannar han ei gruppe for elevane i klassa: The Wave! Da, da, da, daaaa…. Kva er det så med denne gruppa. Joda, det har visse trendar med ei sterk leiiar og at det berre er visse folk som får vere med på leiken. Folk som ikkje passar inn blir stengt ute, og alle byrjar å gå i same klede. Alle på innsida av gruppa er like, dei utanfor er det ikkje. Og ein dag får dei møte sin store leiiar… Les boka eller sjå filmen/mini-tv-serien for å finne ut kven det var…

Men ja, viss det ikkje ringte noko bjelle med deg så går det bra. Berre litt morosamt at vår o store leiiar på nettet skal prøve å samle oss alle gjennom eit produkt. Der all kommunikasjon skal gå så bra så bra mellom dei som er med… Og så kaller han det for «Wave«… Nei, nei, nei… ingen konspirasjoner her nei… berre ein liten tanke… eg har sagt mine ord….

Ein anna morosam ting er at orginalinnspelinga av filmen frå 1981 har fått ein nyinnspeling på tysk, kjem til Noreg i år?

Trailer for tysk nyinnspeling? Sjølvsagt!

Men ja, har eg ein invite? Nope.