Rydding er … musikk
Vel, dette her er på ein måte litt flaut, men også litt gøy! Ein kjem over masse rart når ein ryddar, ryddar? Ja, når ein skal gifte seg og slikt, så er det sett på som eit krav at ein ryddar litt ut av huset. Kvittar seg med gamle ting og så vidare… Og i dag kom eg over min heller eldre mp3-spelar med heile 32MB minneplass! Som du ser så fekk eg plass til heile 12 songar, og der var enda store haugar med plass ledig på minnebrikka… Men ja, ditte her var altså det eg hørte på når eg gjekk på videregåande… Tippar at det var siste våren av videregåande då Bjarne alltid satt på lesesalen og las… (ehh…?). Våren 2004, 5 år sidan… Men, nok om det. Du verda for nokken godbitar! Her har vi vel stort sett alt som det går ann å kome over på 12 songar. Eg føle på ein måte at eg må prøve å bortforklare eit par av songane… men ja, Bjarne var ung og dum og det der… :) Nyt sumaren!
PS! Har du Spotify?
– Ja, det har eg! Kvifor?
Bjarne har jo sjølvsagt samla alle songane (for utan MacGyver som ikkje er på Spotify (SJOKK!!!)) i ei vakker speleliste! Klikk HER for å få Bjarne sine grombitar! Spotify altså, kva var vel livet utan det?

Spotify e digg! Stemmer for at du søker på Gunstein Draugedalen, herlig å høre på:)
Btw eg elsker utseendet på sia di! Har så lyst på noge lignande. Trur eg må sette meg ned å virkelig jobbe med css og wordpress for å få da til.
Jepp, det er det:) Får prøve å høre ein dag, litt sånn bryllupsting så må bli gjort.. Merkelige saker ditta altså. Det å lage til bryllup tar liksom litt planlegging og ting må faktisk bli gjort…
Og takktakk. Men lurer på om det kjem til å skje ei endring i framtida… føler at det er litt for sånn magasinting… vanleg bloggside er ikkje så dumt det heller… Men, men. Kos deg med wp, fine saker det!
[...] nytta eg denne nye fritida etter skulen til å oppdage Comfort Wipe, og at rydding er … musikk. Sumaren del 1 var straks over. For det var jo tross alt i del 2 at den store tingen skulle skje! [...]