Ein vitskapsmann er fallen

smoothcriminalshoes

Vel, det er vel ingen som ikkje veit at Michael Jackson døyde denne veka. Om det var dansinga eller andre saker som var årsaka treng vi ikkje å legge fokus på. Alle har nok eit eller anna som knytt ein, meir eller mindre, opp mot musikken, dansinga og/eller berre personen, legenda, helten(?). Så det skal vi ikkje legge fokus på her. Alle veit kva han har gjort, synge, ikkje gjort, dansa og kven han har gifta og det… Men det som derimot ikkje har kome fram dei siste dagane er at Michael Jackson også var ein finfin oppfinnar, ein vitskapsmann! For pantent nr: 5255452 gir deg faktisk løysing på gravitasjonsproblem som du kan ha. Med desse skoa på kan du oppnå ein vinkel på 45 grader med kroppen utan at du vil falle framover. Dog gitt at du har musklar nok til slikt da…

Det viste du nok ikkje om han Michael nei! (Eller gjorde du kanskje det?)

Sjå filmen under

Etter 3 min og 50 sek vil du sjå dette her:

Michael

Imponerande? Ja. Og joda, du kan få kjøpt dine eigne her, berre 650$. Og når du har kjøpt dei kan du alltids kle deg ut som ein gamal mann og ta trikken ein tur

Via BBG