Takk Freia

Kva? Ein pakke i posten? Kva kan det tyda? Og Freia? Kvifor??
Joda, lat meg fortelje mi påskehistorie. Lukkeleg inne på fjellet med påskekos og alt det der, så hadde ein sjølvsagt med seg Kvikk Lunsj også. Og i min lukkelege konsumering av denne nytinga så skjedde det noko svært urovekkjande. Etter andre bit kom der ingen knaskelyd…
Ingen knaskelyd?
Nei.. ingen knaskelyd. Med stor frykt i auget kikka eg ned på sjokoladen. Og eit sjokk planta seg i mine føtter. Kvar var kjeksen? Det var absolutt ingen kjeks i Kvikk Lunsjen min. Den særeigne samansetninga av sjokolade og kjeks var ikkje til stade. Kjeksen var rett og slett ikkje der.

Så med bilete i erme, og etterkvart litt info om dato og pakningsnummer og slikt, tok eg kontakt med Freia. Og det gjekk ikkje lange stunda før dette brev kom i posten:
Og deretter tok det ikkje mange dagar før hentelapp til pakke låg i postkassa. Og kva fann vi der?

Kokebok for gele, og kakepynt!

Og masse fint knask, fint innepakka.

Alt det der ja…
Snakk om å få 6,7 høns ut av ei bittelita fjør!
Når det er sagt: Kvikk Lunsj utan kjeks i var nesten betre enn den vanlege. Derfor litt trist at i eit svar på epost stod det:
“Så noen ny variant er det nok ikke tenkt som…”
Jaja. kven veit kva framtida vil bringe?

hahah.. det der kan komme godt med i eksamenstiden=)
Hehe:) Jepp, finfine saker det der du. Men litt stygt å gi bok om kakepynt da… for der var det VELDIG masse godt i… og det har ein liksom ikkje tid til å lage no i eksamenstida… i alle fall ikkje alt..
Men ingen Kvikk Lunsj i pakken altså. Jeg ville ha regnet det som litt skuff…
Ja, det var kanskje litt skuff ja.. Men, veldig smart av Freia. Dei veit jo allereie at eg elskar Kvikk Lunsj, så kvifor gi meg det? Ynskjet som dei har er jo å få meg til å gafle i meg andre sjokoladar også… eller gele eller sjokolade brulée:) Så, dei har klart seg fint dei. Sjokolade Brulée er forresten godt, dog ikkje så godt som skikkeleg Crème Brulée:D
haha, komisk! vettu hva, akkurat det samme skjedde faktisk med meg! altså; kvikk lunsj uten kjeks! du og du :P
og har fått samme brev og greier, og fikk hentelapp på lørda, så har store planer om å hente den imorra… merker jeg gleder meg ;) blir spennende å se om pakka inneholder d samme…
Hehe:) Den va fine du! Trudde ikkje du var så Snummøring at du sendte inn sjokolada med feil på… men neida, skulle du ha sett kva Ingvild gjer på: Kjenne meg litt stolt over deg no altså! Bra! Det er berre å glede seg, pakke frå Freia er alltids stas:)
jepp, det var stas!! sier bare: nam nam =)
og et tips til: gå inn på funlight.no, da kan du skaffe deg en gratis (!) kullsyremaskin hvis du bare har litt tålmodighet. (eller flaks)…det hadde jeg =D
hehe, begynner nesten å lure på om jeg faktisk er en sunnmøring innerst inne ja… :P
Freia er flink til slikt altså! Det skal dei ha!
Hakje hatt lykka med meg enda på funlighten.. trist. Kullsyremaskin er jo sikkert stas! :)
Men godt du innrømmer at Sunnmøringen innerst inne… Trur alle har sin personlige Sunnmøring eg. Berre ikkje alle som tørr å inrømme at han er der;)