Sosiale medier: Twitter

twitter

Vel, det er vel tid for å feire. I dag er det faktisk eit år sida sist eg kvittra på twitter. Sidan den tid så har liksom twitter blitt ein stor sak. På same måte som fjesboka så må jo alle berre ha ein twitterkonto.Hallo! Har du ikkje twitter så er du liksom berre såååå ut altså… Ehh.. ja.. Sikkert.

Men ja, tilbake til saka. Sosiale medier: Twitter. Alle veit kva twitter er. Viss du ikkje veit det så har alle aviser ein eller anna gang skreve om kva det er – leit og du skal finne. Derfor skriv eg ikkje noko meir om det. Men kva handlar det om? Vel, for eit år sidan handla det om fritidsproblem og kva ver det var i Bergen. Det var oppdateringar på kva som skjedde på nettet, og nerda fikk heile twitter til å kræsje på grunn av overaktivitet da Apple lanserte nye produkt. Men kva handlar det om i dag? Av alle ting så kom eg over Mr. overengasjert, aka Petter, som skreiv:

Twitter handler ikke om å få kompiser som feks på Facebook,men følge mennesker med meninger/ytringer og selv adde synspunkter og followers

Vel, du verda. Kunne vel neste ikkje sagt det betre. Men… kva mennesker er det som da presenterer sine ytringar og meiningar? Kva folk er det som har denne typen ting? Eller, kven er det som har eit så stort eksponeringsbehov at dei gjer det? Lat meg oppsummere:

  1. Politikarar
  2. Journalistar
  3. Blonde fjortismotebloggere som skal disse ned på andre
  4. Politikarar

Jaja, dette her var å skjere alle under ein viss kant, eller kniv, eller kam, eller.. ja… Så årsaka til dei av mine lesarar som føler seg vonbroten. Ikkje vondt meint, men du er nok heilt einig. Kva medfører dette? Jo, at det tidlegare nettverket av nerda som endeleg fekk nokon å dele livet sitt med, blir totalt overkjørt av eksponeringsfulle (kunne brukt eit k-ord her ja.. men etter gårsdagens årsmøte i StudentKRIK-Bergen så har på ein måte ordet blitt brukt nok på ei god stund…) personar som absolutt må få fram sine meiningar, lista opp som nr. 1 og 4 på lista over. Kvifor har desse eit så stort behov for å ytre sine meiningar? Val. Har du sterke meiningar så blir du politikar. For å få fram desse meiningane så kverulerer du med andre politikarar på twitter. Kva skjer så med twitter i framtida? Jo, lat meg illustrere over den norske twitteraktiviteten:

twitteraktivitet

Når ein så stor del av folket inne på twitter er politikarar vil ein få eit høgdepunkt rundt stortingsvalet 2009. Etter dette vil aktiviteten gå markant ned. Kvifor? Jo, fordi no har det skjedd endring på Stortinget. Rollene er satt. Eller.. kan hende det ikkje gå veldig markant ned med ein gang, dei som ikkje kjem inn vil jo halde på å kritisere dei som kom inn i ei lang tid etterpå. Men dei som har kome inn vil ikkje trenge å svare. Dei har kome inn, derfor gidd dei ikkje å svare. Kva er vitsen? Dei vant. Kva skjer så vidare? Jo, folka bak twitter som no har brukt store summar for å kjøpe servarar til å drive nettsida slik at desse eksponeringsfulle folka kan drive ut sine lyster, har ikkje lenger behov for desse serverane. Derfor går det totalt krise i heile systemet og det blir lagt ned. Og dei resterande nerdane som ikkje lot seg overkjøre av politikarane og haldt ut i kampens heite mistar no ein av sine beste kontaktkanalar på lenge.

Men Bjarne, kva meinar du med alt dette her? Er ikkje twitter framtida?

Joda, slapp av: Twitter har nok kome for å bli. Kor lenge veit nok ingen, kven hadde trudd at Facebook skulle halde seg så stor så lenge?

Kjem twitter til å halde fram slik det er akkurat no?

Nope. Når (i alle fall for Noreg) dei meiningsfulle politikarane ikkje lenger gidd vil dei store «meninger/ytringer» forsvinne og ein går tilbake til det normale, og det som var opphavet til twitter. Oppdatere folk på livet ditt, og slenge ut dine frustrasjonar om ting i håp om at det skjedde noko. Fortelje dine kvardagsgleder og sorger. Dei gledene, tankane, sorgane, frustrasjonane og anna rart som ikkje er store nok til å skrive blogginnlegg om.

Er du litt frustrert over at politikarar bruker twitter så mykje?

Nja… Heller det at media (aka VG og Dagbladet) kjører på så stort om politikarane sine meininga på twitter.

Kjem du tilbake på twitter?

Alt har sin tid.

Er det sol i Bergen i dag?

Nei.